Hopp til innhold

– Vi må absolutt kalle dette effektivt arbeid

Etter seks innbrot og innbrotsforsøk av to ulike personar i Førde førre helg, var det litt av eit arbeid som venta politiet. Men allereie onsdag var to menn bak lås og slå.

Innbrot Pikant

INNBROT: Ubedne gjestar tok seg inn i Pikant sitt bygg ved å knuse ei rute i ei av inngangsdørene.

Foto: Pikant

– Det er ikkje så verst effekt av arbeidet dette, seier lensmann ved Førde- og Naustdal lensmannskontor, Jan Egil Tvinde.

Førre helg kom ein innbrotstjuv seg unna med pengar frå restaurantane Pikant og Picasso i Førde sentrum, der det også var innbrot hjå ein frisør.

Tysdag vart ein mann i 40-åra vart varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for brotsverka i sentrum. Samstundes fortalde Tvinde at dei hadde arrestert ein mann i 50-åra, mistenkt for tre tilfelle av innbrot og hærverk ved Coop-kafeen på Nyborg og Førde camping aust for Førde sentrum

– No er begge varetektsfengsla. Mannen i 50-åra vart varetektsfengsla for fire veker på onsdag, opplyser Tvinde i dag.

Lensmannen er svært nøgd med korleis politiet takla situasjonen som møtte dei måndag morgon.

– Vi tok tak i det fort, og det har vore viktig for å hindre nye innbrot. Allereie onsdag var begge mistenkte arresterte. Det må vi kalle vellukka.

– Godt politiarbeid denne veka?

– Vi må absolutt kalle effektivt arbeid, seier Tvinde.