Hopp til innhold

Ny mann arrestert etter innbrotsbølgje

Politiet etterforskar ikkje mindre enn seks innbrot og innbrotsforsøk i Førde i løpet av helga. No har dei arrestert nok ein person.

Coop kafe innbrot kronborg førde

HÆRVERK: Mannen i 50-åra som er arrestert for hærverk og innbrotsforsøk ved Førde camping og Coop Extra er ikkje ein kjenning av politiet, opplyser lensmannen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– For kort tid sidan arresterte vi ein mann som er mistenkt innbrotsforsøk og skadeverk på Coop Extra og Førde Camping, seier lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Jan Egil Tvinde.

I motsetnad til mannen som er varetektsfengsla i fire veker sikta for innbrot ved restaurantar i sentrum, er mannen som er arrestert for innbrotsforsøk aust for Førde sentrum ikkje ein kjenning av politiet.

– Mannen er i 50-åra og heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Han har teke opphald i Førde dei siste dagane, seier Tvinde, som har fått ei rekkje saker i fanget i løpet av helga.

Ved Førde camping var det to hendingar. Det var eit innbrot i ei hytte, og ei dør vart sparka inn i resepsjonen. I tillegg vart det knust ei rute ved Coop-kafeen på Nyborg. Det er desse hendingane den arresterte mannen i 50-åra er mistenkt for. Han er ikkje avhøyrt enno.

Det blei stole pengar frå restaurantane Picasso og Pikant i Førde sentrum natt til måndag, og det har også vore innbrot hjå ein frisør i sentrum.