Hopp til innhold

Vareteksfengsla i fire veker for innbrot

Mannen som er sikta for innbrot i Førde natt til måndag vart arrestert berre tre dagar etter førre opphald i fengsel. No må han inn att igjen.

Innbrot på Pikant

INNBROT: Ubedne gjestar har teke seg inn i Pikant sitt bygg ved å knuse ei rute i ei av inngangsdørene.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Fjordane tingrett har fengsla den sikta for fire veker, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Politiet fryktar at mannen i 40-åra kan gjere nye lovbrot, for fredag slapp han ut etter ein dom på 15 månadar.

Pågripen på veg til Bergen

Politiet er nøgde med fengslinga.

– Han kom ut frå fengsel på fredag, og allereie laurdag/søndag er han mistenkt for nye innbrot. Det var heilt naudsynt å gripe inn i denne saka, seier Tvinde.

Mannen vart måndag pågripen på Firda Billag måndag. Han sat då på bussen til Bergen. Han er opphavleg frå Hordaland, men har i periodar budd i Sunnfjord.

Mange innbrot i helga

Det har vore ei travel helg for politiet i Førde.

Det blei stole pengar både frå Picasso og Pikant natt til måndag. I tillegg vart det knust ei rute ved Coop-kafeen på Nyborg, og det har også vore innbrot hjå ein frisør i sentrum.

Ved Førde camping var det to hendingar i helga. Det var eit innbrot i ei hytte, og ei dør vart sparka inn i resepsjonen.

Ein mann i 50-åra er no arrestert, mistenkt for brotsverka ved Førde camping og Coop Extra.