Hopp til innhold

No vil han leve av lidenskapen

Jonny Bakke har kasta seg inn i lokalmatbransjen, og fryktar ikkje konkurransen frå storprodusentane.

Jonny Bakke i Abbel tradisjonsmat på Davik

NYSTARTA: Jonny Bakke har nettopp starta opp Abbel tradisjonsmat på Davik.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Denne hausten starta ei ny lokalmat-verksemd produksjon av kjøt- og fiskeprodukt i den tidlegare fiskefarmen på Davik i Bremanger.

– Eg har vore matinteressert sidan eg fekk vere med besta på kjøkkenet når eg var liten. Og eg såg no moglegheita til å få starta opp ein lokalmat. Den sjansen greip eg, og det trur eg ikkje at eg kjem til å angre på, fortel Jonny Bakke.

Stadig fleire lokalmatprodusentar

Pinnekjøt, lammerull, lutefisk og tørrfisk er blant tradisjonsmaten han lagar. Og så langt gjer han det godt, slår han fast.

– Det har vore ein veldig pågang frå folk som vil kjøpe.

Men Bakke er ikkje den einaste som har starta opp med lokalmat. Overalt poppar det opp nye, små bedrifter som vil selje tradisjonsrik mat frå lokalområdet sitt, men Bakke trur ikkje den nystarta bedrifta på Davik vil bli overflødig.

– Det er no ikkje mange i Nordfjord som driv med slikt lenger, så om eg kan halde meg i området her, og kanskje litt i bergensområdet, så trur eg at eg skal klare å halde eit godt levebrød av dette, seier han.

I det svære lokalet har han laga til eit klimarom til kjøtet. Der har pinnekjøtet hengt til tørk i ein månad. Ved sidan av finn ein lammerull og spekemat. Og i eit anna rom finn ein fisken. Lutefisk og kring 100 kilo med tørrfisk av torsk lagt i blaut i ein svær tank.

Trur ikkje prisen vil stogge kundane

Enn så lenge er matentusiasten åleine med maten.

Jonny Bakke i Abbel tradisjonsmat

MANGFALD: Jonny Bakke produserer mykje tradisjonsmat av kjøt og fisk. Her med nylaga sylteflesk etter lokal oppskrift.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg er heilt nystarta, så å tilsetje folk i år har eg ikkje sett økonomi til. Men eg ser at til neste år, så må eg gjerne inn med litt folk i sesongen før jul.

Han fryktar ikkje at storprodusentane vil utkonkurrere han, men han vegår at han ikkje vil kunne klare å konkurrere med dei på pris.

– Å konkurrere på pris trur eg ikkje at eg vil gjere, men eg er sikker på at folk er villige til å betale nokre kroner ekstra for kiloen for å få ekte handverk. Eg driv med småskalaproduksjonen. Folk får maten slik dei fekk den når dei var små, så det er klart at eg legg mykje meir arbeid i maten enn ein storprodusent ville gjort.