NRK Meny
Normal

No vert det gul midtstripe også her

Innsparingar på einskilde prosjekt har gitt Vegvesenet pengar til å ruste opp strekninga på E39 mellom Alværa og Lavik.

Kø før Lavik

STRIPE: Her kjem det om få månadar gul midtstripe. Biletet er teke ved eit tidlegare høve.

– Det er ein strekning som skulle hatt gul midtstripe. Vi har spart på andre prosjekt, noko som gjer at vi kan omdisponere midlar og setje i gang eit tiltak relativt raskt, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Vegvesenet ser for seg at utbetringsarbeidet kan ta til ganske raskt.

Nøyaktig tidspunkt kan vi ikkje seie, men det meste av planarbeidet er ferdig. Vi satsar på å bruke ressursar som er på Lavik ferjekai og som er disponibelt, seier Finden.

Har ikkje nøyaktig framdriftsplan

Han utelukkar ikkje at arbeidet kan ta til alt til hausten.

– Vi har ikkje lagt fram framdriftsplan på prosjektet endå, så nøyaktig når det står ferdig, kan eg ikkje seie på noverande tidspunkt, seier Finden.

Svenn Egil Finden

TIL HAUSTEN: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier dei truleg kjem i gang med arbeidet til hausten.

Foto: Statens vegvesen

Vi har i utgangspunktet 13 millionar kroner. Ti millionar kjem av at ein har spart på andre prosjekt. Tre millionar brukar vi frå drift- og vedlikehald, samt noko investeringsmidlar, seier Finden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser