Hopp til innhold

No veit vi kven desse jentene er

Nyleg etterlyste vi fire jenter som gjekk i sløydklassen på heimeyrkeskulen i Jølster i 1965. No har vi fått svar.

Dagsrevyen februar 1965. Piker går i sløydklassen ved Heimeyrkesskolen i Jølster.

UVANLEG:«Piker i snekkerlære» blei NRK-innslaget frå februar i 1965 kalla. For det var nok ikkje heilt vanleg at jentene valde dette faget på den tida heller. NB! Det er ikkje lyd på videoen.

– Dei siste femti åra har eg ikkje treft meir enn ei av dei, men det var ikkje vanskeleg å kjenne igjen dei fire jentene, seier Magnus Aarseth frå Jølster.

Han gjekk i klasse med jentene på heimeyrkeskulen i Jølster i 1965. Og det gjorde inntrykk.

Magnus Aarseth

GODE MINNER: Magnus Aarseth hugsar godt tida frå heimeyrkeskulen i Jølster og ser med glede tilbake på den tida han gjekk der.

Foto: Privat

– Det var rett spesielt at fire jenter gjekk på ei slik mannfolklinje. Og det er klart at i den alderen der, så hadde vi auga opne for det andre kjønn. Jentene budde rundt om på gardane, så det var mogleg å treffe dei utanom skuletid og, seier Aarseth lattermildt.

– Kva skjedde då?

– Nei det var jo litt flørting då veit du. Men det vart ikkje noko meir utav det, seier Aarseth.

  • LES OGSÅ:
Piker i snekkerlære

KAFFIKANNE: Denne kanna er laga i sløydklassen.

Foto: NRK

Ei fin tid

Heimeyrkeskulen i Jølster fekk tidleg ord på seg for ein skule av høg kvalitet, og vart søkt av ungdom frå heile landet. Utgangspunktet for skulen var som i så mange andre bygder, dei mange snikkar- og saumkursa som vart haldne for gutar og jenter i mellomkrigstida.

– Det var ei veldig fin tid.Vi var ti elevar i klassen og fire jenter gjorde mykje med miljøet. Og jentene var flinke. Dei laga gjerne litt mindre og meir detaljerte ting enn vi gutane gjorde, seier Aarseth.

Han meiner å hugse at dei fire jentene i videoen er Norunn Bjørndal frå Møre og Romsdal, Inger Johanne Rømme frå Trøndelag, Jølstrunn Fossheim frå Jølster og Johanna Fure frå Stryn.

– Det var det dei heitte, men det kan jo hende at dei har gifta seg og skifta namn seier Aarseth.

  • LES OGSÅ:
Vassenden i 1961 med Heimeyrkesskulen

På dette flyfotoet av Vassenden frå 1961 ser vi Heimeyrkeskulen nærast. Foto: Fjellanger Widerøe. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Foto: Fjellanger Widerøe / © Fylkesarkivet

Lenge sidan

– Då eg såg bilete fekk eg ei kjensle av at dette må vere lenge sidan. Men så levde eg meg fort inn igjen i den tida og eg såg dei føre meg alle saman, seier Aarseth

Han skulle gjerne ha treft damene igjen ein dag.

– Vi hadde nok hatt mykje å snakke om etter så mange år. Det var eit rikt og spanande år, så vi hadde nok ikkje hatt noko problem med å halde praten i gang seier Aarseth.