No tener Hydro pengar igjen

Hydro sine metallverk i Sogn har snudd underskot til overskot. Etter å ha gått med tap i første halvdel av 2019, kunne Hydro Høyanger i dag presentere eit overskott på 19 millionar kroner i tredje kvartal. Også storebror Årdal har snudd underskot til overskot. Metallverket inst i Sogn sat att med eit overskot på åtte millionar. Lågare prisar på råvarer og metall er mykje av grunnen til det, skriv Hydro i ei pressemelding.

Hydro - ny omnsteknologi
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK