Hopp til innhold

No går Høyanger betre enn Årdal

Hydro sine verk i Årdal og Høyanger har begge snudd minus til pluss for andre kvartal i år. Og no er det «veslebror» i Høyanger som går best.

Hydro Høyanger Metallverk sett frå Høgebakkane

GÅR BETRE: Hydro i Høyanger leverte andre kvartal i år ein rekneskap som er langt betre enn «storebror» i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Høyanger har ein million kroner i underskot i første kvartal blitt til 25 millionar kroner i overskot før renter og skatt i andre kvartal.

For verket i Årdal har ikkje utviklinga vore fullt så positiv, sjølv om ni millionar kroner i underskot er snudd til fire millionar kroner i overskot.

– Vi har jobba mykje spesielt med drifta, og både i elektrolyse og støyperiet har vi levert gode driftsresultat. Det vart sett produksjonsrekordar begge stadar, seier Wenche Eldegard hos Hydro i Høyanger.

«Veslebror» er størst

– Vi har god drift og starta tidleg på året ein del kostnadsprogram som vi no får effekt av, legg Eldegard til.

Verket i Høyanger vert rekna som veslebror samanlikna med verket inst i Sognefjorden. Likevel går verket betre enn Hydro i Årdal. Eldegard har ikkje sett detaljane for Årdal, men fortel at Høyanger er eit lite og effektivt verk som klarer å møte lågare aluminiumsprisar med lågare kostnader.

– Høyanger er ikkje dei som tener veldig mykje pengar når det går bra, men vi klarer å halde kostnaden nede i krevjande tider, seier ho.

På rett veg i Årdal

For Årdal er resultatet 86 millionar kroner dårlegare enn same kvartal i fjor, men fabrikksjef Arne Werge Olsen konstaterer at verket i Årdal er på rett veg igjen.

I Årdal diskuterer verket lønnsemda for bruken av kaldmetall. Werge Olsen seier at resultatet førebels ikkje påverkar den interne jobben kring desse utfordringane.

– Samstundes har vi same gode produksjon i analyse, og positiv trend på skade, utslepp og sjukefråvær. Det er lite vi kan gjere med aluminiumsprisen og dollarkursen, men har gjort ein veldig god jobb i andre kvartal. Det viser resultatet vårt også, seier han.

Ventar med jubelen

Sjølv om minus er blitt til pluss i andre kvartal, vil Eldegard vente med å sprette champagnen.

Dei 25 millionane i overskot andre kvartal, er berre kring ein tredjedel av overskotet for same periode i fjor.

– Det er jo meir enn halvert i høve til same periode i fjor, så det er dramatisk reduksjon i overskotet. Vi veit at det fort kan snu. Difor er det viktig å arbeide med kostnadssida. For prisane kan ein ikkje påverke på verket, seier Eldegard.

Prisane vil falle

Fabrikksjefen er også klar på at Hydro går eit krevjande tredje kvartal i møte.

Alt tyder på at aluminiumsprisane vil halde fram med å falle, men det er uvisst kor langt ned dei vil kome.

– Vi er veldig spente på korleis prisane blir framover. For valseblokkene ser det bra ut for resten av året, så vi estimerer mot ein balanse ut året. Det avheng likevel av kor langt aluminiumsprisane går nedover, seier ho.

Nøgd Fredagsvik

Konserntillitsvald for industri og energi i Hydro, Billy Fredagsvik, er også veldig nøgd med å sjå verka i Sogn og Fjordane levere positivt resultat.

– Det er svært positivt i vanskeleg situasjon der aluminiumsprisane er på det lågaste. Men det blir endå tøffare i neste halvår. Blir tøft å levere overskot gjennom heile året, men gjort ein veldig god jobb i både Høyanger og Årdal for å minimere tap, seier han.