Hopp til innhold

60 tilsette kan miste jobben ved støyperi i Øvre Årdal

60 jobbar står i fare for å ryke ved Hydro i Øvre Årdal. Selskapet vurderar å leggje ned PFA-støyperiet, fordi omsmelting av metall er blitt lite lønsamt.

Årdal metallverk

ARBEIDSPLASSAR KAN RYKE: 60 arbeidsplassar står i fare ved eit av støyperiet i Årdal. (Arkivfoto)

Foto: Hydro / Helge Hansen

Det skriv Sogn Avis. Fagforeiningane protesterer og kallar nedleggingsforslaget for kortsiktig tenking.

Leiar ved Hydro Årdal, Arne Werge Olsen, seier avgjerda kan falle om alt frå to veker til to månader, og vil ikkje spekulere om kor mange som vil miste jobben.

Nedgangen i lønsemd skuldast mellom anna tollfordelar som Norge ikkje lenger får.

– Slik situasjonen er no, er det ikkje lenger lønsamt å drive omsmelting av metall, seier han til Sogn Avis.

Leiar ved Årdal Kjemiske, Bjørn Øvstetun, seier at nedlegginga av støyperiet allereie hadde vore ein realitet dersom fagforeiningane ikkje hadde gripe inn.

– Å leggje ned støyperiet no er kortsiktig tenking, seier han.