Hydro Aluminium tek over i Høyanger

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Etter hemmelege forhandlingar leia av industriminister Jan P. Syse, Høgre, vart ÅSV slege saman med Norsk Hydro (no ) i 1986. Aluminiumsproduksjonen er seinare skild ut som eigen divisjon under namnet Hydro Aluminium, og under denne sorterer Høyanger Metallverk.

Men i motsetnad til situasjonen kring kraftforsyninga til Årdal Metallverk, der Hydro Energi forvaltar konsernet sin kraftproduksjon i Årdal og Fortun, så er det Statkraft som eig og driv kraftverka kring Høyanger.

I samband med at Staten skulle overta dei eldste kraftverka ved såkalla «heimfall» vart det funne ei pakkeløysing der også nyare kraftverk som Gautsingsdalen og Eriksdalen vart overtekne av Statkraft. (Sjå også Historia i Årdal).

Uviss framtid

I 1999 vart vedlikehald overlate til selskapet Kværner Oil and Gas. Dei sysselset 135 personar. I produksjonen elles arbeider kring 300 personar.


Kring tusenårsskiftet gjekk Høyanger-samfunnet inn i ei tid med uvisse om kva som kom til å skje med verket i framtida: I fleire år heldt Hydro døra på gløtt for modernisering og utbygging i Høyanger. Men det viste seg etter kvart at Hydro-leiinga heller satsa på bygging av metallverk i utlandet i staden for å satse på metallverka sine i Sogn. I 2006 vart dei siste 60 av dei i alt 148 Søderberg-omnane i C-hallen slegne av og fabrikkhallen riven, utan lovnad om at nye smelteomnar skal kome i staden.

For å stimulere til nyskaping og etablering av nye verksemder i Høyanger, har industrikonsernet skipa utviklingsselskapet Hydro Vekst.

Les også: