Hopp til innhold

No skal vegen frå 1793 få nytt liv

Den gamle Kongevegen mellom Vestlandet og Austlandet skal no rustast kraftig opp. Om nokre år er håpet at den skal vere i same stand som den var for over 200 år sidan.

Den gamle kongevegen mellom Vestlandet og Austlandet skal no rustast kraftig opp. Om nokre år er håpet at den skal vere i same stand som den var for over 200 år sidan.

SKAL BLI NY: Kongevegen er den eldste køyrevegen mellom Vestlandet og Austlandet. I desse dagar jobbar Statens vegvesen saman med dugnadsfolk for å gje vegen nytt liv. FOTO: Heidi Lise Bakke

– Eg er ikkje i tvil om at dette er ein skjult juvel. Det er ein av dei store historiske vegskattane som finst i Norge, seier Jan Adriansen.

Arkeologen i Statens vegvesen er full av beundring for arbeidet som vart lagt ned i området over Filefjell for over 200 år sidan.

Kongevegen som går mellom Lærdal i Sogn og Vang i Oppland stod ferdig i 1793, og no skal den få nytt liv.

– Vi held no på å restaurere vegen som har lege ubrukt i mange år. Denne vegen er eit av dei store nasjonale kulturminna, seier Adriansen.

  • Les meir om Kongevegen på Fylkesleksikonet her og her

Frykta vegen frå 1793 ville forsvinne

Jan Adriansen, Statens vegvesen

KULTURMINNE: Jan Adriansen i Statens vegvesen seier arbeidet med å ruste opp Kongevegen er svært viktig.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I uminnelege tider har nordmenn ferdast mellom Aust og Vest over Filefjell. For 221 år sidan stod den første køyrevegen over fjellet klart, etter ordne frå danskekongen var «Kongevegen» klar til bruk.

Men no treng altså fundament, murar og brufeste omsorg. I ein rapport frå 2011 slo Vegvesenet fast at Norges eldste vegforbindelse mellom Vestlandet og Austlandet stod i fare for å forsvinne om ingenting vart gjort.

Rapporten konkluderte med at tilstanden på vegen var svært dårleg, men om tiltak vart sette i gang raskt, burde det vere mogleg å restaurere den på ein god måte.

– Det første som sviktar er dreneringa. Grøfter gror att, og då finn vatnet nye vegar. Vegbana blir vaska vekk og sklir ut, og vegen losnar frå festa sine, sa Adriansen til NRK.no då rapporten vart presentert.

(Artikkelen held fram under)

Statens vegvesen har sett i gang eit stort arbeid med opprusting av Kongevegen

OPPRUSTING: Statens vegvesen har sett i gang eit stort arbeid med opprusting av Kongevegen mellom Vang i Oppland og Lærdal i Sogn.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Har sett av 15 millionar kroner

Og dei høge herrar tok sin eigen rapport på alvor, og starta arbeidet. 15 millionar kroner er sett av til opprustinga, og denne veka var det duka for dugnad og kurs i gammal vegbygging.

– Vi held no på med eit kurs i veghistorisk tørrmuring. Det trur eg ikkje vi har hatt i Norge før, iallfall ikkje som fokuserer på veghistorie, seier Adriansen stolt.

Det viktigaste målet med prosjektet er å ta vare på kongevegen som altså blir rekna som eit nasjonalt viktig kulturminne. Adriansen seier også sjølve tørrmuringa er verdt å ta vare på.

– Dette er ein handverkstradisjon som er i ferd med å døy ut, seier han.

Håpar å lokke mange turglade

Restaureringa av vegen blir gjort i delprosjekt, og allereie i sommar skal den første strekninga, mellom Tyinkrysset og Maristova, vere klar for ivrige turgåarar.

– I 2020 er planen at vi har ti mil med vandreveg ferdig restaurert med alt av infrastruktur inkludert, seier Adriansen.

Norsk natur lokkar kvart år både utanlandske og norske turistar i hopetal, og vandring har blitt stadig meir populært.

Adriansen seier Vegvesenet håpar mange vil ta turen over den gamle Kongevegen, men legg vekt på at det ikkje må bli for mange.

– Blir dette den nye Rallarvegen?

– Vi vil ikkje ha så mange syklistar her, det toler ikkje vegen. Men det blir nok ein stor turistattraksjon, seier arkeologen.