Utbetringa av Borlaugskrysset, der riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og E16 frå Filefjell møtast, samt ny bru på vegen er ein del av prosjektet E16 Filefjell.
I tillegg til ny bru skal det også byggjast ei rundkøyring i krysset.
Støyping utan pause
Arbeidet med å støype brudekket er ein omfattande jobb, fordeling av betongmassen må gjerast i ei lang økt, utan pausar. Arbeidslaget starta klokka 07.30 måndag morgon, og siste lass var fordelt utover då klokka var 17.30. Då hadde det gått med om lag 210 kubikk betong.
– Arbeidet har gått veldig bra, utan forseinkingar av noko slag, seier kontrollingeniør i Statens vegvesen, Harald Berstad, i ei pressemelding.
Klar i løpet av sommaren
Framleis ser brua noko halvferdig ut, men så snart betongen er herda skal arbeidet fullførast. Det skal fyllast inntil brua frå begge endar, og støypast avlastningsplater.
(Artikkelen held fram under biletet)
Kantdragar og rekkverk vert ferdigstilt på eine sida av brua, medan det vert eit mellombels rekkverk mot den andre sida av brua.
Planen framover er å føre trafikken over i det eine køyrefeltet på den nye brua, og deretter starte rivinga av den gamle brua og gjere ferdig det andre køyrefeltet. Grunnen til dette er at gamlebrua ligg så tett inntil at ein må støype siste del av landkar, vinge og kantdragar når den er fjerna. Dette vil skje i løpet av sommaren.
Fjerde generasjon bru
Når den står ferdig vil den nye brua vere fjerde generasjons bru på Borlaug. Forgjengaren til brua som vert brukt i dag vart sprengt vekk under andre verdskrig.
I same område kan ein også sjå brukarar etter ei bru på den gamle hovudvegen mot Hemsedal. Denne vegen kopla seg på Kongevegen over Filefjell i eit vegkryss ved Borlo bygdetun.