Hopp til innhold

Slik skal ein få slutt på importen av kjøt

HAUKEDALEN (NRK:) Ku og kalv saman på fjellbeite skal gjere Norge sjølvforsynt med storfekjøt. Fjellheimen på Vestlandet er nærmast perfekt.

Gunnar Jan Gjerland

LET KYRNE BEITE PÅ FJELLET: Bonde Gunnar Jan Gjerland har vore tidleg ute med å bygge ammekufjøs, no vil fleire fylgje etter.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Den store flokken med Aberdeen Angus kyr let seg lokka av bytta med salt som eigaren deira, Gunnar Jan Gjerland, kjem gåande med. Her i bakkane ovanfor garden i Haukedalen i Førde er det lite som minner om attgroing.

Gjerland let kyrne og kalvane gå på beite frå mai til oktober. Om sommaren har dei tilgang på nær 2000 mål med utmark i fjellheimen mellom Jølster og Førde.

– Her samlar dei billeg fôr og produserer kjøt, fortel Gjerland.

Ammekufjøs i Haukedalen i Førde

NY FJØS: Gunnar Jan Gjerland har bygd ammekufjøs til tre millionar kroner.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Underskot på 20 prosent

Noreg manglar nær 50 000 ammekyr for å få marknaden i balanse. Årsaka er at norske mjølkekyr mjølkar stadig meir, noko som igjen gir færre kyr og kalvar. Samstundes gror landskapet att med busk og kratt.

Næringa trur løysinga er kjøtfe som kalvar om våren, går på beite med mora om sommaren, og der kalvane blir sendt vidare og fora fram til slakt om vinteren. Heile 500 000 dekar kan teoretisk bli sett i drift på denne måten.

Fagrådgjevar i Nortura Karl Vie seier underskotet på norsk storfekjøt er på ca 20 prosent av behovet.

– For mykje importert kjøt kan sette heile importvernet i fare, seier Vie.

Kyr og kalv på beite

NØGDE: Ku og kalv er sjeldne syn i utmarka, men vil bli meir vanleg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Næringa skal ta tak

Over heile landet blir det no stimulert til meir ammekuproduksjon. I Sogn og Fjordane har Storfeprosjektet sett som mål at fylket skal få 300 fleire ammekyr årleg.

Prosjektleiar Jo Helge Sunde seier dei har registerert interesse frå fleire titals bønder.

Jo Helge Sunde

– FLEIRE VIL PRODUSERE: Fortel leiar for Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane, Jo Helge Sunde.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det har vore ein del fokus på at det er mangel på storfekjøt. Per dato er det faktisk ein del som lurar på om dei skal begynne med produksjon, fortel Sunde.

– Berre positivt å få fram kjøtet sjølv

Gode landbruksoppgjer har gjort satsinga på ammekyr meir lønnsam. Leiar i Sogn og Fjordane bondelag håpar å slå tre fluger i ein smekk; meir beiting i utmark, fleire bønder og ein kjøtmarknad i balanse.

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde

TRUR PÅ PROSJEKTET: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er ikkje heldig at vi importerer mykje kjøtt. Det eine er at bonden går glipp av ein moglegheit til å skape næring. Samstundes held kyr på beite landskapet ved like. Det er berre plussar med at vi greier å få fram storfekjøtet sjølv, seier Felde.

Går godt økonomisk

Gunnar Jan Gjerland bygde på driftsbygningen til ny ammekufjøs med plass til 36 kyr og la ned mjølkeproduksjonen for åtte år sidan. Men no om sommaren står fjøsen tom og nyvaska.

Ute på beitet går ein okse på over eitt tonn og legg grunnlaget for kalvingane neste vår. Gjerland har ikkje angra på investeringa på tre millionar kroner, der ein million er støtte frå Innovasjon Norge.

– Investeringa har gitt relativt god timesbetaling. Om ein vil bli rik er det ikkje rette produksjonen, men det er eit godt liv og det gir bra økonomisk avkastning.

Anguskveg i Haukedalen

PARING: Oksen ragar eit hovud høgare enn resten av flokken. Når dyra skal til fjells må han vere att på heimebeite.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK