Hopp til innhold

Har kalla inn til krisemøte for å finne løysing på kloakkmarerittet for barnefamilie

Fredag vart styret i Sunnfjord Miljøverk samla i Hesjedalen for mellom anna å diskutere luktproblema på avfallsanlegget.

Styremøte i Sunnfjord Miljøverk

SKAL DISKUTERE LUKT: Ein del av styret i Sunnfjord Miljøverk samla før styremøtet fredag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Lukta frå avfallsanlegget har blitt verre, og no byrjar naboane til anlegget å miste tolmodet.

Magnar Indrebø og familien er i tvil om at leiarane for det interkommunale avfallsselskapet klarer å fikse opp i problema.

– Eg har mine tvil om at dette går så veldig fort, seier Indrebø, som bur med familien på Espe, berre nokre hundre meter frå det illeluktande kompostanlegget.

I sommar stod han og sambuaren Bente Eriksen fram og fortalde om marerittliknande opplevingar med intens kloakklukt.

– Når vindforhold og vêr er riktig, er det så tung og rå lukt her at det ikkje er verande på tunet der vi bur.

Kompostlukt

UTOLMODIGE: Magnar Indrebø og Bente Eriksen bur på Espe i Åsedalen, vel 500 meter frå Sunnfjord Miljøverk sitt avfallsanlegg i Hesjedalen i Førde kommune.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Ny prosess gir meir lukt

Sunnfjord miljøverk tek imot slam frå reinseanlegg og septiktankar i kommunane i Sunnfjord.

Etter at fylkesmannen hadde eit tilsyn med bedrifta og fann avvik på måten dei behandla dette slammet på, har miljøverket byrja på eit nytt prøveprosjekt for å gjere kloakkslammet om til kompost.

– Prosessen med å rangkompostere går veldig bra. Men så har det kome fram at det produserer meir lukt og meir ubehag og ulemper for naboane, seier styreleiar i Sunnfjord Miljøverk (SUM), Oddmund Klakegg.

Ordninga med den såkalla rangkomposteringa går som eit prøveprosjekt fram til 1. september. Kva som skjer etter det er ikkje bestemt.

På eit styremøte i dag blir blant anna luktproblema eit tema. Klakegg forstår at naboane er utolmodige.

Oddmund Klakegg foran Førde rådhus

USIKKER PÅ KVA LØYSINGA BLIR: – Vi er litt usikre i forhold til framtida for slamkomposten. Men det blir jobba intensivt for å finne ei god løysing.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Store kostnader

Ifølgje Indrebø har det vore snakk om å kjøpe ut dei som blir råka av luktproblema, noko han meiner blir ei svært kostbar løysing.

Klakegg i SUM seier det blir jobba intensivt for å kartlegge moglege løysingar.

– Kor lenge går det før ein veit om det er naboane som må flytte, eller om de vel å leggje ned kompostanlegget?

– For selskapet sin del kan vi nok leggje ned kompostanlegget, det er ikkje det som er avgjerande for verksemda til selskapet. Men vi ønskjer å gje ei teneste til eigarkommunane våre om god behandling av kloakkslam frå reinseanlegg og private anlegg.

Han seier det avgjerande blir å lukkast med to ting. Både å lage god kompost, men og å gjere det på ein måte som ikkje gir for store ulemper for naboane.

– Kan innbyggjarane i SUM-kommunane ende opp med rekninga for å rydde opp i denne saka?

– Vi vil få ein auka kostnad når vi må gjere endringar i korleis vi behandlar kloakkslam. Noko vil gå tilbake til brukarane, men at det blir ein veldig prisauke ser eg ikkje føre meg.