NRK Meny
Normal

«Det er ei sterk lukt som setter seg i halsen og overalt. Ein får lyst til å kaste opp»

FØRDE / ESPE (NRK): 500 meter frå garden forsøker avfallsanlegget å gjere kloakk om til kompost. Det har ført til eit lukthelvete for familien.

Kompostlukt

MÅ RØMME: Denne utsikta er det ikkje ofte Magnar Indrebø og Bente Eriksen kan nyte. Når lukta frå komposteringa ved miljøverket kjem, må dei springe inn og lukke dører og vindauge.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Ved Sunnfjord Miljøverk skal kloakk bli til kompost, og det gjer det nesten uleveleg for dei næraste naboane.

– Det er ei sur, søt og skarp lukt. Det er kvalmande, og ikkje til å samanlikne med noko anna. Lukta av gris er ei fin lukt i forhold, seier Magnar Indrebø.

Sidan 1998 har han budd 500 meter frå Sunnfjord Miljøverk. Men ikkje før dei siste åra har lukta blitt ei så stor plage som no.

Produserer kompost

Sunnfjord miljøverk tek imot slam frå reinseanlegg og septiktankar i kommunane i Sunnfjord. Etter fylkesmannen hadde eit tilsyn med bedrifta og fann avvik på måten dei behandla dette slammet, har dei begynt eit nytt prøveprosjekt for å gjere kloakkslammet om til kompost.

– No er kravet at vi må kompostere dette, og gjere det om til jord. Når det rotnar gir det frå seg gassar og lukt som naboane kan merke, seier styreleiar Oddmund Klakegg i Sunnfjord Miljøverk.

Komposthaug

TIL JORD: Det ligg haugar av kloakk og kverna trevirke på riller ved miljøverket. Her skal det bli til jord.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Slammet ligg utandørs på anlegget i store riller. Tidlegare låg dette nesten urørt, men for å kunne produsere jord, slik planen er, må ein no snu og vende på desse rillene ein gong i veka. Dette gir frå seg ei spesiell lukt, som reiser med vinden over til naboane.

– Det er ei sterk lukt som set seg i halsen og overalt. Ein får lyst til å kaste opp, seier Bente Eriksen.

Løysinga kan bli dyr

Etter fylkesmannen sitt tilsyn, har miljøverket inne eit konsulentfirma som ser på drifta ved anlegget. Dei prøver å finne ei løysing på luktproblema komposteringa har ført til. Klakegg seier dei anten må finne ein måte å bygge inn komposthaugane, eller slutte å ta imot kloakken frå kommunane.

– Ein moglegheit er å sende kloakken til Bergen. Men grovt rekna vil det føre til ein kostnad på om lag 10 millionar kroner for dei ulike brukarane av kloakksystema, seier Oddmund Klakegg.

Det dampar av komposthaugen

DAMP: Kloakkslammet gir frå seg ein gass mens det blir til kompost.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Kan ikkje vere ute

For Magnar Indrebø og Bente Eriksen er det ikkje eit alternativ å leve med lukta. Den er til tider så ille at dei ikkje ein gong vågar å vere utandørs på sin eigen eigedom.

– Vi har flott utsikt og sol lenge, men det er vanskeleg å nyte ein sommarkveld ute her. Om lukta kjem er det berre å få lukka alle glas og dører i huset og komme oss inn så fort som mogleg, seier Indrebø.

Klakegg seier den vonde lukta er uheldig for dei som bur i nærleiken.

– Vi forstår dette til tider er uuthaldeleg for næraste nabo og slik skal det ikkje vere. Vi vil kalle inn naboane til eit møte og prøve å finne ei løysing på dette, seier han.

Sunnfjord Miljøverk har frist til 1. september med å gi tilbakemelding på tilsynsrapporten.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser