– Det er ikkje noko drama i det. No handlar alt om å optimalisere satsinga, og for meg er det viktigare å byggje fysikk og lade batteria fram mot neste år, seier Iver Horrem.
Han har sidan 2012 satsa på sandvolleyball saman med Geir Eithun. Dei siste åra har det store målet vore å komme seg til OL i Rio i 2016.
No byrjar dei norske OL-håpa å få dårleg tid – men dei siste World Tour-rundane har Eithun spelt saman med Lars Fredrik Tvinde. Ikkje sidan august har Eithun og Horrem spelt World Tour saman.
- Les også:
– Eg har signalisert at eg sluttar etter OL, og Geir er usikker på kva han skal gjere. No har han testa Tvinde som ny partner, og det er i denne perioden det er mogleg å gjere det, forklarer Horrem.
Hadde behov for å lade batteri til ny sesong
Eithun og Horrem var nær ein OL-plass i 2012, då dei vann finalen i kontinentalcupen. Den gongen gjekk likevel plassen i OL til Spinnangr og Skarlund.
Heller ikkje denne denne sesongen har dei teke nok poeng i World Tour til at direkte kvalifisering som eitt av verdas femten beste lag er mogleg. Einaste sjansen er då å vinne kontinentalcupen til sommaren på nytt.
– Vi set alt på eitt kort. Så enkelt er det. Sånn sett spelar det inga rolle å vere med på dei siste turneringane, seier Horrem.
- Les også:
– No har vi dessutan spelt nesten to sesongar utan pause. Då kan det vere greitt å ta eit avbrekk, leggje eit fysisk grunnlag og lade opp til ein ny sesong, seier romsdalingen.
OL-kampen blir himmel eller helvete
Neste års kontinentalcup er lagt til Stavanger. I løpet av nokre intense dagar i juni får sandvolleyparet svar på om OL-draumen går i oppfylling - eller om den går i vasken.
– Alt handlar om å optimalisere satsinga inn mot den turneringa. Det er på heimebane, og vi er innstilte på at det blir himmel eller helvete, seier Horrem.
– Eg har ei god kjensle, og vi er i angrepsposisjon, legg han til.
Makker Geir Eithun understrekar at planen om satsing mot OL ligg fast, men at han har hatt eit anna behov enn Horrem.
– Det har vore moro å få kamptrening saman med ein ung og lovande spelar frå Førde. Det har gitt meg energi. Eg vil kalle det eit lovleg sidesprang, ler førdianaren.
Fryktar ikkje å bli vraka av partneren
Horrem har følgt med på kva Eithun og Tvinde har prestert i sanden i hans eige fråver. Både i Tyrkia, Russland og Qatar enda duoen på solide 17. plassar.
– Dei er ein spennande kombinasjon. Eg har tru på at dei kan bli eit godt lag, seier veteranen.
Han er ikkje redd for å bli vraka av partneren.
– Nei, eg er ikkje uroa for det. Eg føler vi har prestert tidvis veldig bra i år. Vi har mellom anna gått vidare i alle turneringane der dei beste har vore med.