Hopp til innhold

Den gamle var eldst då dei gamle lagkameratane møttest i NM

Geir Eithun sikra seg saman med makker Iver Horrem NM-siger då han møtte sin gamle lagkamerat Lars Fredrik Tvinde og makkeren hans Øyvind Hordvik i NM-finalen i sandvolleyball i dag.

Tvinde og Eithun

TREKTE LENGSTE STRÅET: F.v. Lars Fredrik Tvinde måtte sjå seg slått av Geir Eithun i NM-finalen i sandvolleyball.

Foto: Elisabeth Viken/NIVB

Kampen enda med settsiffera 21-14, 20–22 og 15–8 – dermed måtte ungfolen Tvinde bite i det sure eplet – utan at han er sur av den grunn.

– Dei var flinke, og Geir spelte veldig godt, seier 23-åringen.

Men før kampen var nok både Tvinde og Eithun litt meir gira enn på ein normal kamp. For begge har slite den blå skjorta for Førde volleyballklubb og kjenner kvarandre godt.

Handlar berre om å vinne

Og då Eithun briljerte for Førde-klubben, stod Tvinde på sidelinja som ivrig tilskodar – og saug til seg kunnskap. Seinare spelte dei side om side for Førde-klubben.

– Geir har vore mitt store idol frå eg var liten og var med pappa (Jan Egil Tvinde – som også har ein halv mannsalder bak seg for Førde VBK) på kamp. Så det er klart det var litt spesielt å møte akkurat han i NM-finalen, seier Tvinde.

Det er 35 år gamle Eithun samd i.

– Det blir litt spesielt, men i kampens hete handlar det berre om å vinne. Dei gamle var eldst i dag. Vi var førsteranka i turneringa sidan vi vann i fjor, og det er alltid noko med å skulle forsvare ein tittel. Men no kjennest det veldig godt, seier Eithun og ler.

Etter ein litt trøblete sesong, smakte NM-tittelen ekstra godt for Eithun og Horrem.

– Vi starta sesongen veldig bra, og har kvalifisert oss til OL-kvalifiseringa sin finale. På seinsommaren har vi ikkje spelt på bra, men denne turneringa spelte vi opp mot vårt beste, seier Eithun.

NM sandvolleyball ble arrangert på Jernbanetorget/Voldsløkka i Oslo. Se de avgjørende settene i finalen her.

GLIMT FRÅ KAMPEN: Her er sigeren eit faktum for Geir Eithun og Iver Horrem.

Men torsdag spelar dei på same lag

Torsdag spelar dei to gamle lagkameratane kamp igjen – men denne gongen på same lag i nordeuropeisk meisterskap.

– Iver har hatt litt småskadar, og det er ikkje ei viktig turnering for oss. Lars er eit naturleg alternativ for meg når Iver ikkje kan spele, seier Eithun.

Dei to har også eit par gonger før vore på same lag, og ser fram til ei ny turnering i lag.

– Det blir kjekt, heilt klart, seier Tvinde.

Begge trekkjer fram at med dagens resultat er to av dei beste sandvolleyballspelarane i landet tidlegare Førde-spelarar.

– Det fortel mykje om miljøet i Førde som har produsert mange gode volleyballspelarar. Det er definitivt ei fjør i hatten, seier Eithun.