Hopp til innhold

No lovar dei deg temmeleg bra vêr på nasjonaldagen

– Opphaldsdvêr og gløtt av sol. Slik skildrar statsmeteorolog Haldis Berge vêret for 17. mai.

Ylva og Isis i Solvorn 17. mai 2016

17. MAI: Slik vil vi ha det på 17. mai. Grøne bøar, sol og blå himmel. Og akkurat passe temperatur til bunad og is.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– I ytre strok kjem opphaldsvêret i løpet av morgonen. Vi kan seie at i ytre strok blir det opphald mellom klokka 08 og 10, og i indre deler av fylket mellom klokka 10 og 12, seier Berge.

Få dagar i året er vi så opptekne av vêret som akkurat på 17. mai. Når flagget går til topps og barnetoget går skal det helst vere blå himmel og sol. Det kan ikkje meterologen love i år, men opphaldsvêr vert det.

Statsmeteorolog Haldis Berge

OPPHALDSVÊR: Statsmeteorolog Haldis Berge.

Foto: Marit Hommedal

– Med opphaldsvêret blir det også lettare skydekke, og vi får også sjå litt av sola, seier Berge.

Her kan du lese meir om korleis vêret blir på akkurat din heimstad på nasjonaldagen.

Temperaturmessig snakkar vi om mellom 15 og 17 grader på nasjonaldagen.

– Det er vel ganske passeleg temperatur for dei som ska gå i bunad. Det blir ein fin dag med ein del sol på ettermiddagen, før det skyar til igjen på kvelden seier Berge.

17. mai-været

Slik blir 17. mai-veret i fylket, ifølgje meteorologane.