Hopp til innhold

– No er det absolutt på tide med vinterdekk

Brrr! Neste veke kjem det kald luft inn over heile landet og dersom du ikkje har bytta til vinterdekk bør du gjere det no.

Kulde

KULDE FRÅ NORD: Fram med hue og skjerf. No vert det ein meir vinterleg vêrtype.

Foto: SKJERMDUMP

Allereie frå sundag av vil kald luft trekke seg innover landet, noko som gjer at temperaturane kan søkke ned mot null på gradestokken.

– No er det absolutt på tide med vinterdekk, seier statsmeteorolog Steinar Skare.

Har du enda ikkje fastsett helgeplanane, så kan det vere greitt å bruke søndagen på å pakke vekk sommardekka. Aller først skal vi gjennom ei helg med varmluft, før vi får overgang til ein kaldare vêrtype over heile landet.

– Snøgrensa vil krype nedover. I låglandet kan skydekket sprekke opp, noko som gjer at det fort kan fryse på på vegane frå sundag av, seier Skare.

Fredag morgon var det allereie frost mange stadar Austafjells, og verre skal det bli.

– Vi går ein vinterleg vêrtype i møte, så temperaturane vert alt anna enn spreke, seier Skare.

Laster Twitter-innhold

Kan bli kvitt på fjellovergangane

Meteorologen får støtte frå Statens vegvesen når det gjeld å kvitte seg med sommardekka.

– Dette med dekkbyte kjem ofte brått på folk. Det er lurt å bruke helga på byte dekk, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Ketil Molvær.

På fjellovergangane i Sør-Noreg er det fredag for det meste bart, men meteorologen åtvarar om at det kan bli kvitt i fjellet og at du må bu deg på skiftande vêr.

– Spesielt dei som skal over Sognefjellet må ha vinterdekk. Beredskapen er på plass i fjellet, men det kan vere greitt å vite at vi får eit omslag i vêret frå natt til måndag, seier Molvær.

Ketil Molvær

KJEM BRÅTT PÅ: Byt dekk i helga, seier vegtrafikkoperatør Ketil Molvær ved Statens Vegvesen.

Foto: Jan Christian Jerving