NRK Meny
Normal

Åtte lam tekne av ulv i Naustdal

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt fellingsløyve på ein ulv, etter at det vart funne drepne og skadde lam i Naustdal denne veka.

Sau drepen av ulv

KADAVER: Fleire av lamma til Odd Arne Hamre hadde blitt drepne eller skada av ulven.

Foto: Odd Arne Hamre

Det var eit utriveleg syn som møtte Odd Arne Hamre, då han kom opp på Hystølen tysdag denne veka.

– Det første eg så var eit lam som hadde store skadar og så nyslakta ut. Eg trudde det hadde hengt seg fast i eit gjerde eller noko, men så dukka det opp fleire.

Han bur i Naustdal og har sauene sine på beite i Hydalen.

Til saman vart det funne fire drepne lam og ein sau i Hydalen, i tillegg til fire lam som var så hardt skadd at dei måtte avlivast.

– Når ein ser på skadane og lidingane lamma har hatt, så er det heilt forferdeleg, seier Hamre.

Oppfordrar folk til sjekke dyra sine

Statens naturoppsyn har undersøkt kadavera og konkludert med at dei har blitt tekne av ulv. No har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gitt fellingsløyve på ein ulv i perioden 8. til 16. juli.

Førre gong det var ulv i Naustdal var i 2014.

– Det er ikkje vanleg at det er ulv her, så eg vart overraska, seier Hamre.

Han oppfordrar folk som har dyr på beite i Naustdalsfjella om å sjekke at dei har det bra.

Som nåla i høystakken

Arve Aarhus er leiar for fylkesfellingslaget og ansvarleg for fellingsforsøket. Han seier at dei akkurat no, ikkje har spor å gå etter.

– No må vi vente til det dukkar opp eventuelle nye kadaver. Det er som å finne nåla i høystakken. No som det er barmark og vi ikkje ser spora etter ulven, er den veldig krevjande å jakte på.

Arve Aarhus

FELLINGSLEIAR: Arve Aarhus er ansvarleg for fellingsforsøket.

Foto: Privat

Han oppmodar folk om å ta kontakt med Statens naturoppsyn dersom dei finn kadaver eller andre spor, som dei mistenker kan vere etter ulv.

Aarhus seier at det mest sannsynleg er ein einsleg ulv på vandring, som har vore i Naustdal.

– Ofte er dei ikkje norske, dei som kjem hit, og dei har ein lang vandring bak seg. Det er ikkje ofte det er ulv her på vestlandet, seier Aarhus.

Fylkesmannen skriv i sin grunngjeving for fellingsløyve at skadepotensial er stort, ettersom det er tidleg i beitesesongen og totalt 6000 lam og sau som er på beite i Naustdal kommune.

Vegopning på Bergum i Førde kommune