Hopp til innhold

No kan denne bli din

Var du ein av dei som drøymde om å køyre brannbil som liten? Vel no kan draumen bli verkelegheit.

Jan Rune Storøy

BRANNBIL: Jan Rune Storøy har ein gammal brannbil som han no vil selge.

Foto: Privat

Jan Rune Storøy på Vassenden i Jølster har nemleg ein vaskekte brannbil som han no vil selje.

– Det er ein Internasjonal D200 brannbil frå 1975. Tidsknipa gjer at eg no har funne ut at eg vil selje bilen, seier Storøy.

Brannbilen har gjort teneste i Jølster sidan den var ny i 1975 og fram til den gjekk av med pensjon i 2012. I løpet av 37 år i teneste rakk han å vere med på kring 600 utrykkingar. Den aller siste var i privat regi i 2013. Då leverte han vatn til hovudbrannbilen i samband med ein hyttebrann.

– Eg er sjølv brannmann og kjøpte bilen då den kom for sal i 2012, fortel Storøy.

Interessert i veteranbilar

Interessa for veteranbilar og brannbilar har gjort at Storøy har skaffa slangar, hjelmar, strålerøyr og mykje anna utstyr til bilen.

– Når eg sjølv ikkje har tid lenger, så føler at bilen fortener litt betre omsorg enn eg kan gi den i dag.

– Og for potensielle kjøparar så kan vi nemne at sjølv om bilen no er 44 år så har den ikkje gått avskrekkande langt?

– Med 11 473 kilometer så er han vel det vi kan kalle «knapt innkøyrt», ler Storøy. Men sjølv om kilometerane ikkje er så mange, så har den gått mange timar. Brannbilar står mykje i ro på tomgang å jobbar, så timane har den.

Mange interesserte

Bilen vart lagt ut for sal torsdag i førre veke. Så langt har 1650 personar kikka på annonsen, og 19 av dei har lagra den.

– Så langt er det ikkje noko som har ringt, men interessa er der. Det viktigaste for meg er ikkje å selje bilen, men at den får seg ein god heim. Eg håpar det er ein entusiast, slik som meg sjølv, som kjøper den og som ynskjer å ta vare på den, seier Storøy.