Hopp til innhold

No har Utkantfestivalen fått sin eigen song

SKJERJEHAMN (NRK): Brørne Ådne og Sondre Matre Andersen frå Masfjorden er så glade i Utkantfestivalen at dei har laga ein song til æra for han.

Ådne og Sondre Andersen

GITAR PÅ FESTIVAL: Ådne og Sondre tykker det er viktig med gitar på festival

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi har vore her ni år på rad no, men det har ikkje vore ein eigen utkantsong, så då var det heilt naturleg for oss å lage den, seier Sondre Matre Andersen.

Høyr songen her:

– Vi hadde jo ein ide om korleis songen skulle høyrast ut. Så sat vi oss ned for å skrive, og etter kvart kom vi fram til det resultatet vi har i dag, seier Sondre.

solnedgong i Skjerjehamn

SOLNEDGANG: det har ikkje vore mykje sol i Skjerjehamn endå, men fredag kveld vart det likevel ein fin solnedgang

Foto: Jostein Vedvik

Vart ein hit på Spotify

Brørne la songen ut på Spotify, og med tida har det vorte ein hit i området rundt Masfjorden. På sjølve Utkantfestivalen kan ein høyre songen frå ymse båtar i kveldinga.

– Det er jo det som er målet, at folk skal høyre på han her på Utkant og at songen skal lage god stemning. Det er ganske artig å høyre seg sjølv borte i ein båt plutseleg.

Brørne kjem frå det som kanskje er kjerneområdet til Utkantfestivalen. Som mange andre kystfolk kjem dei med sin eigen båt kvart einaste år.

For folk i området nord og sør for Gulen ser det ut til å vere mange som har Skjerjehamn som fast haldepunkt kvar sommar.

lysshow på utkant utika

LYSSHOW: Kanskje dansa folk til utkantsongen under dette lysshowet?

Foto: Jostein Vedvik

Kjem tilbake kvart år

De har altså vore her ute nesten alle åra som festivalen har vorte arrangert, kva er det som får dykk tilbake hit kvart år?

– Det er stemninga og båtlivet. Det er heilt fantastisk stemning her ute. Du kan helse på alle, og alle er blide og i godt humør heile tida, seier brørne.