NRK Meny
Normal

No gjer dei seg klar for 1. divisjon

Etter ein velfortent juleferie samla det nyopprykka Florø-laget seg til trening for første gong for sesongen.

Florø-spelarane trenar

I AKSJON: For første gong i 2017-sesongen var Florø-spelarane i går kveld samla for ei fotballøkt. Alle spelarane bortsett frå Nicklas Frendrup og Rashad Muhammed var til stades.

– Det er ikkje så stor skilnad frå det vi har drive på med heile tida. Ein trenar mykje nede i 2. divisjon også, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

I går kveld starta Florø-spelarane det nye året med ei god treningsøkt. Dei har kome tilbake til kvardagen etter det eventyrlege opprykket i fjor. Rognsø fortel at det var ein gira tropp som møtte opp på trening.

Les også: No skal Florø spele i 1.divisjon

– Ein skilnad eg merkar er at ein god del spelarar no prioriterer fotball endå meir. Dei tek gjerne endå fleire økter med trening enn dei har gjort tidlegare.

Sjølv om dei trente hardt då dei spelte i andredivisjon også, seier Florø-trenaren at det no vert jobba endå litt meir enn før.

– Mange spelarar ser det nivået vi no er på som ein sjanse til å utvikle seg endå meir. Då går det ikkje på intensitet, men på detaljnivå. Det blir fokusert endå meir på detaljar no, seier Rognsø.

Vill jubel på Florø stadion etter at opprykket er i boks.

VILL JUBEL: Florø er det første laget frå Sogn og Fjordane som har rykka opp til nivå to i norsk fotball, sidan Sogndal gjorde det på syttitalet.

Foto: Oddleif Løset

Prøver lokalt først

Terje Rognsø vil gjerne forsterke laget før dei skal til med fyrstedivisjonsspel, og då vil han helst prøve å få tak i nokre lokale spelarar.

– Vi sjekkar lokalt først. Til no har vi vore i kontakt med Øystein Myrkaskog og Truls Hovland. Vi har ikkje fått til noko endeleg med dei, men det er ikkje noko eg stressar med. Det viktigaste er å fokusere på den gjengen vi har.

Florø har til no vore ein klubb drive nesten heilt på dugnad, og Rognsø fortel at alle nye spelarar også lyt vere førebudde på at ein ikkje blir rik av å spele fotball i kystbyen.

– Det viktigaste for dei som kjem er at dei har lyst til å spele for Florø. Dette er ikkje klubben å kome til for å leggje seg opp ei formue, for å seie det sånn. Vi vil ha spelarar som har lyst til Florø.

Må signere spelarar

Eit anna arbeid som Florø-sjefen held på med om dagen er å signere dei spelarane han allereie har. I Fyrstedivijson må alle spelarane nemleg ha ein proffkontrakt.

– Eg har jo alltid vore vand med å ha ein veldig stor tropp, og har likt det. No må vi sjå på kva midlar vi har, men vi tek sikte på å kanskje signere 15–16 av dei spelarane vi har. Utover det må vi nesten berre sjå kva vi har råd til, seier Rognsø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.