Hopp til innhold

No går trafikken i Aurland att

Trafikken på E16 har meir eller mindre stått mellom Flåm og Aurland etter klokka 15.

Lang kø i Aurland

I GANG ATT: Det har blitt mykje ventetid for påsketuristane som vender heim frå påskeferien.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det som byrja med stengde tunnelar grunna luftforureining, vart etterkvart til motorhavari og ny tunnelstenging i påvente av bilberging i Flenjatunnelen.

Samstundes hopa trafikken seg opp.

– Vi stod kring 50 minuttar ved utløpet av Onstadtunnelen, men no beveger altså den enorme køen seg i alle fall, seier NRK-journalist Jon Bolstad.

– Trafikken går fint

Bolstad er på veg tilbake til Bergen etter påskeferie, men som så mange andre påsketuristar vart returen til kvardagen langt meir langdryg enn vanleg.

Ekspressbussen var i utgangspunktet ein time forseinka grunna problem på ferjesambandet Mannheller - Fodnes. Oslo-bussen kom med ei ferje som fekk tekniske problem og som måtte gå til Lærdal. Då bussen omsider gjekk, kom den ikkje lenger enn til Onstadtunnelen.

– Det er nokre kilometer til Gudvangatunnelen herifrå, vedgjekk Bolstad like over klokka 17.

Ein time seinare er trafikken komen i gang att.

– Det er kø, men trafikken flyt. Det er mykje trafikk i dag, seier Bolstad.