NRK Meny
Normal

No går ho på friarferd for å skaffe millionar

STRYN (NRK): For å klare å skaffe tilstrekkeleg med pengar, går Helene Ødven frå DNT no på friarferd. Rolf Olav Tenden er ein av dei som har bite på.

Ødven og Tenden

VIL GJE PENGAR: Rolf Olav Tenden (t.v.) tek vel i mot initiativet frå DNT om pengar til ny hytte på Skåla. Helen Ødven er godt nøgd med det.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Pengane det er snakk om skal gå til å byggje ei flunkande ny turisthytte på fjellet Skåla. Planane har vore klare lenge, men finansieringa har mangla.

– Det er eit stipulert budsjett på om lag seks millionar kroner. Det krev litt når ein skal opp i høgda og byggje noko så flott. Vi ser på dette som realistisk, seier Helene Ødven til NRK.

Ho er dagleg leiar i Bergen og Hordaland turlag, og det er dei som vil leggje alt til rette for at turistane som vil gå til Skålatårnet, no også skal få ein betre stad å overnatte oppe på fjellet.

– Vi har jobba med det i mange år og vi har hatt god hjelp av Nasjonalparkstyret som har gjeve oss løyve til å byggje. Vi er veldig stolte av det prosjektet vi presenterer, seier Ødven.

Ber næringslivet om hjelp

Ho vender seg no til næringslivet i Nordfjord og ber dei opne pengepungen for å sikre enda større opplevingar for dei som legg ut på den bratte turen til Skåla.

Ein av dei som alt har lova pengar til den nye sikringshytta, er Rolf Olav Tenden i Tenden transport. Han trur at det bør gå bra for DNT å hente inn den naudsynte kapitalen.

– For det første så har Skålatårnet vore eit ikon for Sogn og Fjordane, og det har vore eit ynda turmål. No ser vi at det må byggjast nytt for å tilfredsstille dagens krav. Eg har eit forhold til både fjellet og tårnet, seier Tenden.

Slik ser dei føre seg nybygget på Skåla

NY HYTTE: Det nye bygget vil ligge litt lågare i terrenget enn Skålatårnet og det blir lagt opp til at den nye sikringshytta skal ha mellom 20 og 25 sengeplassar i tillegg til fire toalett og kjøkkenfasilitetar.

Foto: Arkitekt Eilif Bjørge

Villige til å gje pengar

Han brukar gjerne turen til skåla som ein ekstra motivasjon både for sine eigen tilsette og kundane, og med ei ny hytte på plass vil det bli enda enklare å få folk til å ta turen. Ikkje minst dei unge.

– Å vakne der oppe til soloppgangen er vel noko det største ein kan oppleve i dag. Skal dette realiserast så må privat næringsliv inn, og vi er villige til å gje, slår Tenden fast.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser