Hopp til innhold

No er reiselivsmuseet opna – seint, men godt

BALESTRAND (NRK): I dag kunne endeleg Statsbygg overlevere nøkkelen til Norsk Reiselivsmuseum til eigaren, Musea i Sogn og Fjordane.

Opning av Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand

STOR DAG FOR BALESTRAND: Opninga av Norsk Reiselivsmuseum er etterlengta og verd å flagge for.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det har slett ikkje vore nokon enkel veg fram til opninga i dag. Forslaget om museet kom alt på 1980-talet, grunnsteinen vart lagt ned i 2013, og opninga har vore utsett fleire gonger, mellom anna på grunn av vasskadar.

Men i dag var det feiring som prega Balestrand, seier avdelingsleiar Connie Reksten på Norsk Reiselivsmuseum.

– Det er veldig kjekt, vi har venta på det veldig lenge. Bygget har stått her ei stund, og då er det noko med det å opne dørene og sleppe folk inn. Det var på høg tid, så vi gler oss veldig.

– Ein del av fjord og fjell

Og ho lovar at dei som tek turen innom ikkje vil angre på det.

Opning av Norsk Reiselivsmuseum

STOR DAG: Avdelingsleiar på museet, Connie Reksten (til høgre), kunne stolt overvake markeringa av opninga.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dei kan vente seg ein storslagen bygning, vi har ein flott arkitektur som speglar det som er innhaldet i museet, naturopplevingar, den første turismen som tok sikte på å kike på fjord og fjell.

Ho seier at bygningen på eit vis er bora eller saga inn i fjellet.

– Så vi er formeleg inne i fjellet, vi er ein del av fjord og fjell. Det synest eg er gøy. Og så skal vi formidle tema som på eit vis harmonerer med bygningen.

Ho meiner det er heilt naturleg at Norsk Reiselivsmuseum er plassert i Balestrand.

– Det var jo her turismen oppstod, ved fjordane i Norge. Det var her dei første reiseselskapa kom frå England. Det var fjord og fjell dei ville sjå, så det var frå desse områda norsk reiseliv bygde seg opp.

Norsk reiselivsmuseum i Balestrand
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Litt vatn, men det er kult, også

– Kvifor har det teke så lang tid å få opne museet?

– Det er eit eksperimentelt bygg. Det har trengt inn litt vatn, og det gjer det framleis. Vi har utbetra og utbetra, Statsbygg har vore kjempeflinke, og dei er her for å levere nøkkelen. Men ein liten bekk i trappa no og då må vi tole. Det er litt kult, også.

No ventar ho storinnrykk frå turistane som etter kvart strøymer til Balestrand.

– Eg trur det blir ein god sesong, ikkje berre utanlandske turistar, men vi reknar og med at lokale folk og folk som bur i regionen vil kome for å sjå museet. Eg håpar på mange frå nærområdet.

Og etter den offisielle opninga, frå klokka 18, er det fri inngang for dei som vil innom dørene og sjå på bygningen og utstillingane til Norsk Reiselivsmuseum. I tillegg kan dei vente seg musikk, revyinnslag og ei kjempestor marsipankake, fortel Connie Reksten.

"Turistar" på Norsk Reiselivsmuseum

DEI FØRSTE TURISTANE: Slik er dei første engelske turistane til fjord-Norge framstilt på museet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK