Hopp til innhold

No er Ola Nordmann lei streik

Over 70.000 arbeidarar har dei siste månadene vore ute i streik. Det byrjar å slite på tolmodet til folk flest.

Unio i streik

MANGE STREIKAR: Vi har hatt den hardaste streikevåren på ti år - og mange byrjar å bli leie.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Ikkje sidan år 2000 har streikane i Norge vore så omfattande som denne våren og sommaren.

Streikane klumpar seg saman

Over 70.000 tilsette i arbeidslivet har vore tekne ut i streik - dei fleste innanfor kommunesektoren, byggenæringa, reinhaldsbransjen og transportverksemdene.

- Det blir slik i Norge fordi vi har tariffavtalar som vert reforhandla om våren, og desse kjem veldig tett. Alle streikane klumpar seg saman på nokre veker eller kanskje eit par månader, seier forskar Kristine Nergaard i FAFO.

LES:

- Har det for godt til å streike

NRK har snakka med fleire personar på gata i Sogn og Fjordane, og mange er samstemte i at det no har vore meir enn nok streik for denne gong.

- Vi har det så godt her i landet, at vi ikkje treng å streike, seier ein vi har snakka med.

Ein annan legg til:

- Eg synest streik er gammaldags. Det bør vere ein annan måte å markere seg på enn å leggje ned arbeidet.

Veit ikkje korleis slitasjen er

I løpet av dei siste månadene har mange foreldre brukt opp ferie på å ta seg av born, butikkar har ikkje fått varene leverte - og reisande har teke lange omvegar på grunn av bussar og fly som er råka av streik.

Men: Det finst ikkje norsk forsking som seier noko om korleis streik fører til slitasje på folk flest.

-Vi har det fredeleg og roleg resten av året. Så vi får trøyste oss med det, seier Nergaard.