Hopp til innhold

Stengjer alle skular og barnehagar

Sidan reinhaldspersonalet er i streik, ser Årdal kommune seg tvinga til å stengje alle skular, barnehagar og SFO-tilbod i kommunen frå måndag. På sikt fryktar rådmannen for liv og helse.

Farnes skule i Øvre Årdal (barnetrinn)

STENGJER: Farne skule i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har hatt møte med streikekomiteen sin leiar der vi prøvde å få til ei ordning med eit minimum av reinhald i barnehagane og på skulane, og særleg då på toaletta. Men har ikkje lykkast med dette, seier rådmann Ingvar Laberg til NRK Sogn og Fjordane.

Uforsvarleg hygiene

Når det fredag har gått fire dagar utan reingjering av dei kommunale bygga, ser rådmannen - i samråd med rektorane i Årdal - det ikkje lenger forsvarleg å halde skular og barnehagar opne.

– Vi har gått nøye gjennom den hygieniske situasjonen og har kome til at vi stengjer frå måndag morgon, opplyser Laberg.

Han viser til Forskrifta om miljørett og helsevern som seier at det skal skje dagleg reinhald på institusjonane. No strekkjer vi oss til fire dagar utan reinhald, men ser at vi ikkje får dette til lenger.

Gir ikkje dispensasjon

Inger Helen Midthun, hovudtillitsvald for Fagforbundet i Årdal seier det ikkje er aktuelt å gi dispensasjon for reinhaldarar som er i streik i skulesektoren.

– Her står det ikkje om liv og helse. Det var semje i streikekomiteen om at kan dei stengje andre stader i landet, så kan ein stengje i Årdal og, seier Midthun til NRK.

Beklagar at foreldre kan få problem

Artikkelen held fram.

Tangen skule på Årdalstangen

STENGJER: Tangen skule på Årdalstangen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Laberg beklagar ulempene stenginga medfører for foreldre til born og unge.

– Det er klart at mange foreldre vil naturligvis få ei utfordring med pass av yngre born. Det er desverre ein konsekvens som ikkje er å unngå.

Fryktar for liv og helse - på sikt

Blir streiken langvarig, fryktar rådmannen også for helse- og omsorgstenestene. Éin av fire tilsette i kommunen er i streik, og arbeidspresset på dei som er att og går i turnus kan på sikt bli for tungt, seier Laberg.

– Viss dette varer ser eg alt no at vi kan få utfordringar med bemanninga innanfor eldre- og spesialomsorg, og heimebaserte tenester. I ytterste fall kan det bli snakk om fare for liv og helse. Dette følgje vi nøye, seier Laberg.