Hopp til innhold

Slik råkar vektarstreiken deg

Over 1000 vektarar er frå laurdag i streik. Det betyr stengde flyplassar - og kanskje tomme minibankar.

Førde lufthamn Bringeland

TOMT: Avgangshallen på flyplassen på Bringeland ved Førde er folketom medan vektarstreiken pågår.

Foto: Rune Fossum / NRK

Meklinga mellom Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF) og NHO Service braut sammen ved midnatt natt til fredag - fire timar etter at fristen gjekk ut.

No er over 1000 vektarar i heile landet i streik.

Først oskesky - så streik

Ved Førde lufthamn gjekk samtlege vektarar ut i streik frå laurdag morgon. Dermed er flyplassen stengd, og passasjerane blir transporterte til andre flyplassar i området.

Det samme er situasjonen ved Stokmarknes og Hammerfest lufthavn.

- Vi må berre innsjå at i denne bransjen er det ingenting som heiter normale tider. Først hadde vi oskesky - og no er det streik, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe.

250 kjem seg ikkje på jobb

Ved Gardermoen betyr streiken at 59 av 670 vektarar blir tekne ut i streik. Skal du reise via landets hovudflyplass, kan det bety ekstra lange køar - så rekn god tid.

Dessutan blir 250 oljearbeidarar råka av streiken, då tryggleikskontrollørane ved heliportane på Sola, Flesland og Florø er tekne ut. Arbeidarane kjem seg no ikkje ut til oljeinstallasjonane.

Kan bli tomme minibankar

Vektarstreiken vil i tillegg føre til at minibankar i fem fylke ikkje blir fylte opp. Dette gjeld Sogn og Fjordane, Rogaland, Hordaland og dei to Agderfylka.

– Det er umogleg å si om og eventuelt kor raskt minibankane går tomme for pengar. Vi jobbar no med å sjå kor hardt vi blir råka, og kva område som blir råka hardast, seier informasjonsdirektør Thomas Midteide i DnB NOR til NTB.