Hopp til innhold

No er Murehsa klar for norges høgste fjell

FØRDE (NRK): Kongolesiske Joseph Murhesa trenar ivrig for sitt store mål om å nå toppen av Galdhøpiggen.

Murehsa klar for Galdhøpiggen

GLER SEG: Joseph Murhesa er ein av om lag 1500 innvandrarar som skal på tur til Galdhøpiggen.

Foto: Adelheidur Oldeide / NRK

Denne veka tek Røde Kors med seg 270 flyktningar frå Sogn og Fjordane til toppen av norges høgste fjell, 2469 meter over havet i Jotunheimen. Målet med turen er å integrere og skape nettverk for innvandrarar.

– No skal vi på tur for å bli heilt klar for Galdhøpiggen, men først må vi varme opp, seier Murhesa og smiler.

– Skapar venskap

Det er Røde Kors, DNT, KS og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) som står bak prosjektet «Til topps», der 1573 innvandrarar frå 13 fylke skal bestige fjellet.

Lars Sagvold i Røde Kors har vore med på turen i sju år. Han meiner det er der den beste måten å drive integrering.

– Når vi kjem ut på tur, så blir verda i Norge også større for dei. Då er det både å treffe andre innvandrarar og vi norske som er med for å skape dei relasjonane og venskapen dette fører med seg.

– Kjekt å kome i lag

Gjennom dei ti siste åra har om lag 10.000 innvandrarar vore med på turen opp på toppen av Galdhøpiggen. Joseph Murhesa trur det blir ei flott oppleving.

– Det blir kjekt å kome i lag og snakke med kvarandre og møte andre som opplever mykje det same som deg sjølv, meiner han.

Bjørn Holden i IMDI er svært nøgd med at det også i år er mange innvandrarar som i lag legg ut på den etter kvart tradisjonsrike turen.

– Nyankomne flyktningar blir også då kjend med frivillige organisasjonar som Røde Kors og Turistforeningen, seier Holden og slår fast at det kan vere viktig for integreringa.