Hopp til innhold

Gravemaskinene køyrde ut av tunet ein time før opning

Serveringspersonale i kvite skjorter skyssar brett med blanke glas inn i gondolen. Snart kjem dronninga, og ved Loen skylift er nervane i spenn.

ventar på dronninga

FESTKLEDDE: Gjestene ventar på dronninga på toppen av Loen Skylift og Hoven restaurant.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Her er namnelista!

I bunad og klirrande sølv hastar Eva Fuglestrand rundt ved inngangen til Loen skylift. Ho skal ta i mot alle gjestene som skal feire den høgtidlege opninga med dronninga i dag. Som arrangementsansvarleg har ho kontroll på det meste, frå namnelappar til bordplassering.

– Det er ein litt ekstra intens dag. Her nede er det framleis roleg, men på toppen kokar det nok, seier Fuglestrand.

Førti år har gått sidan tidlegare hotelldirektør Eivind Grov lanserte tanken, til bunadskledde festfolk blir frakta opp på sin første tur.

– Ekstra kjekt er det at alle barna i Loen skal vere med på tur. På toppen skal dei synge for dronninga. Vi gler oss veldig over denne dagen, seier Eva Fuglestrand.

pynta gjester loen skylift

OPNING: Gjestene er på plass før opninga skjer offisielt nede ved starten av gondolbana.

Foto: sigrid skjerdal / nrk

Bestilte vêret for lenge sidan

Sidan morgonen har gondolbana frakta festfolk og arrangørar opp den fem minuttars turen opp til 1011 meter over havet.

For mange er det første turen, og frå gjestene kjem det nokre gisp når bana går ut av starthuset og utsikta over Loen og Olden openberrar seg.

Det gjestene ikkje veit, er at det berre er ein time sidan dei siste gravemaskinene var ferdige og køyrde ut av tunet oppe ved Hoven restaurant.

aslutning

FINISH: Dei siste førebuingane blir gjort – snart er alt klart for å ta i mot dronninga i restauranten.

Foto: sigrid skjerdal / nrk

– Og for ti minuttar sidan gjekk dei siste vaskepersonalet ut med støvsugarane, fortel dagleg leiar ved restauranten på kanten av stupet der gondolen kjem inn.

– Er alt klart i restauranten der de skal servere dronninga, då?

– Ja, seier han nølande, før han ler godt.

Frå toppen av Hoven ser gjestene ut over Nordfjord. Dei kan nesten sjå alle plassane maten kjem frå, fortel Grov.

– Vi har blant anna sjøkreps frå nordfjord. Og plommeterrin med fløyterand, inspirert av dei snødekka fjella vi ser herifrå!

Spente på sesongen

Først er det opninga som er spenningsmomentet for restaurantsjefen. Men så skal det gå rundt resten av året også.

– Vi trur jo vi har eit produkt i verdsklasse. Ikkje berre turen på fem minuttar opp, men også utsikta ein får når ein er kommen hit. Så vi er veldig spente, avsluttar Grov i det ei ny gondolvogn med festkledde gjester skal ynskjast velkomen.

Jarle Grov dagelg leiar hoven restaurant

LEIAR: Jarle Grov er sjef på restauranten på toppen av Loen skylift.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK