NRK Meny
Normal

No er han igjen klar for full fart der ingen skulle tru at nokon kunne arrangere festival

SKJERJEHAMN/FRESVIK (NRK): Ei ny festivalhelg står for døra i Sogn og Fjordane. Denne helga er det i Fresvik og på Skjerjehamn det skjer. Festbåten er klar og bringebæra har kome inn.

Viggo Randal

FESTIVALSJEFEN: Viggo Randal er klar for å ta i mot festivaldeltakarar frå sør, nord, aust og vest på Skjerjehamn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeeide / NRK

Festivalsjef Viggo Randal har gledd seg som ein liten unge sidan sist festival, og på Skjerjehamn i Gulen har det heile torsdag sige inn båtar med gjestar som skal vere med på Utkantfestivalen. Hamna byrjar å fylle seg opp.

Utkantfestivalen

ISBOKS I BORDET: Den ombygde fiskeskøyta hadde eit eige iskar til drikke og mat under bordplata.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ein båt utmerka seg spesielt, ein gamal fiskebåt ombygt til ein partybåt. Gjengen med fiskebåten har kome frå Bulandet og Værlandet for å delta på festivalen.

– Broren min fekk båten av jobben og han pussa den opp til ein festbåt. Båten har iskar for å halde drikken kald og sengeplassar til ein heil gjeng, seier Bjarte Kalvøy frå Værlandet.

Fiskeskøyte med partytelt

PARTYBÅT: Denne båten fanga merksemda til mange på Utkantfestivalen, ei fiskeskøyte med partytelt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I sentrum av kompassnåla

Sjefen for Utkantfestivalen, Viggo Randal, har mykje å henge fingrane i, berre timar før festivalen går i gong. Det tykkjer han berre er godt, etter eitt års pause. Torsdag kveld er det Hellbillies som går først på scena i Skjerjehamn.

– Eg trur ikkje du har mange scener som er finare enn denne, det er eit spektakulært skue. Ein skulle nesten ha fjerna bakduken på scena, seier Randal frå kongescena på Utkant. Bak den dannar det opne havet og dei mindre øyane utsikta for publikum.

I helga har Randal 300 frivillige i sving på festivalen og festivaldeltakarane kjem frå alle kantar.

– Vi er jo der alle dei fire himmelretningane møtast, det er trass alt senteret av kompassnåla vi står i. Folk kjem i båt frå Florø, frå Sogn, vi har trufaste gjestar frå Nordhordland og frå Bergen, seier han.

– Ein del av bygdas identitet

I ei anna lita bygd, litt lengre øst, er det også klart for festival. Her skal innbyggjartalet tidoblast i helga. I Fresvik i Sogn bur det til vanleg i overkant av 200 menneske.

Gøran Bøthun og Dag Einar Bøthun jobbar litt ekstra fort for å få inn bringebæra i dag, dei må bli ferdig på jobb før festivalen startar.

– Festivalen samlar bygda og mangedoblar folketalet. Eg har gleda meg til denne helga heile sommaren, seier Gøran Bøthun.

Når det er festival i Fresvik, kjem mange som har flytta ut heim. Den er eit samlingspunkt for folk frå bygda.

– Det er ein tradisjon og Fresen har blitt eit samlingspunkt. Då er dei aller fleste barndomsvenane heime, seier Dag Einar Bøthun.

Han trur dei fleste i Fresvik tykkjer det er positivt med ein festival i den vesle bygda.

– Det betyr mykje for bygda, både økonomisk og at det skjer noko. Folk er stolte over å ha festivalen her og den er blitt ein del av bygdas identitet dei siste åra.