Hopp til innhold

No er Eli Kari ferdig i NRK

Fekk du med deg «Værbitt» på NRK i går kveld? Det er det siste du får sjå til Eli Kari Gjengedal på statskanalen, iallfall for no.

Eli Kari Gjengedal

FERDIG I NRK: Eli Kari Gjengedal er ferdig i NRK. No jaktar ho ein ny jobb, og håpar det blir noko med vêr.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Frå i dag av er nemleg den populære vêr-dama arbeidsledig, skriv VG.no. Ho har hatt sin siste arbeidsdag i NRK, og no skal ho finne ut kva ho skal drive med vidare.

– Eg veit faktisk ikkje kva eg skal gjere, eg har ikkje peiling. No har eg jakta på vêret i eitt år og hatt det veldig travelt med «Værbitt», sa ho til avisa i går.

41-åringen frå Leikanger har i mange år vore ei av dei mest profilerte vêrpresentatørane i Norge. Etter mange år gjekk ho frå TV2 til NRK, der ho det siste året har fått laga draumeprogrammet sitt – «Værbitt».

I programserien har ho saman med statsmeteorolog Jon Smits jakta på det typiske norske vêret, land og strand rundt. Men no er altså tida hennar i NRK over.

Sjølv håpar Gjengedal at ho får halde fram å jobbe med det ho likar best, vêret.

– Eg har veldig lyst til å halde fram å jobbe med vêret. Om det blir å snakke framfor eit vêrkart eller om eg skal snakke om det i andre forum veit eg ikkje. Eg har lyst til å fortsette å jobbe med vêret på eitt eller anna nivå, seier ho til VG.no.