Hopp til innhold

Har alltid vore fascinert av vêret - det siste året har det prega alt ho har gjort

Det siste året har Eli Kari Gjengedal reist landet rundt på jakt etter vêret. Den neste månaden blir vêrjakta sendt direkte på TV.

Eli Kari Gjengedal og John Smits

PÅ RUNDREISE: Eli Kari Gjengedal og John Smits har reist land og strand rundt på jakt etter vêret.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Å jakte på vêret er ikkje berre enkelt skal eg fortelje. Men eg er stolt over å kunne seie at eg kanskje er den einaste vêrjegeren i Norge, flirer Eli Kari Gjengedal.

41-åringen frå Leikanger har i mange vore ei av dei mest profilerte vêrpresentatørane i Norge. Etter mange år i TV2 gjekk ho over i NRK, der får ho no lage draumeprogrammet sitt.

Søndag har programmet «Værbitt» premiere. Serien vil gå som åtte program, kvar tysdag og søndag. Programmet skal vere delvis direktesendt, men har også innslag som er laga på førehand.

– Programmet skal vere direktesendt, og heile poenget med serien er at vi skal reise etter vêret, forklarar Gjengedal.

– Eg har vore så sint på vêret

Det er ikkje å overdrive at karrieren til Eli Kari Gjengedal har blitt merka av både vêr og vind. Akkurat som det nye programmet ho skal leie.

I programmet tek Eli Kari Gjengedal sjåarane med land og strand rundt for å vise oss alt frå sol og sommar til regn og storm. Med seg har ho med seg statsmeteorolog John Smits som har vore vêrmeldar på NRK sidan 2000.

Gjengedal understrekar at dei har vore jakt på det vanlege kvardagsvêret, det folk flest er mest vande med der dei bur.

Men med eit TV-team i ryggen har det slett ikkje vore like lett å fange vêret på denne måten.

– Det har vore svært vanskeleg. Eg har vore så sint på vêret, på vêrvarsel som ikkje stemmer, på lokalt vêr… Og på den setninga «Åh, så heldige de var som kom no når vi har dette merkelege vêret», seier Gjengedal.

(Artikkelen held fram under)

Promo på værserien som sendes fra januar 2014 på NRK.

– Ein del av folkesjela

Ho kjenner seg trygg på at vêr-serien skal bli ein suksess. For vêret er noko dei aller fleste pratar om og legg ein viss energi i. Det er som ein del av folkesjela til nordmenn flest, meiner Gjengedal.

Om det er stygt vêr er det mange som rynkar på nasen, medan sol og klarvêr har ein tendens til å få fram det beste i oss.

– Vêret pregar alt i kvardagen vår. Vi vaknar opp og då er spenningsmomentet, kva vêr blir det.

– Mange følgjer med på vêrvarselet, og etter at det kom slike applikasjonar folk kan ha på mobiltelefonen trur eg folk har følgt ekstra mykje med, seier ho.

Det regnar «alltid», men ...

Norges våtaste plass, Brekke i Gulen kommune, har naturleg nok fått sin plass i programmet som er via til regn.

Her regnar det fire av sju dagar i veka, men…

– Det har blitt mange bomturar til Brekke på meg. Dei gongane eg reiste dit var ikkje det berømte regnet der, flirer Gjengedal.

Startar på Stad

Premieren søndag får vi sjå korleis tyskaren Thomas Bickhardt har lært seg å setje pris på det våte og vêrharde klimaet på Stad.

– Stadlandet er heilt unik når det gjeld vêr og korleis det ser ut der. Det er så vakker og vêrbitt, seier Gjengedal.

(Artikkelen held fram under)

Eli Kari Gjengedal har jakta på vêret det siste året

PÅ STAD: Eli Kari Gjengedal har mellom anna vore på Stad der landskapet er sterkt prega av det vêrharde klimaet.

Foto: NRK

Veit ikkje kor dei skal

På søndag startar serien på Finse, men etter det veit ikkje Gjengedal kor turen går neste program.

– Det blir kjempespennande. Det er vêret som skal bestemme.

– John Smits er sjefen for reisa og vi skal på ein måte på ein vêrturne den neste månaden, seier ho.

Norge er eit langstrakt land med svært mange forskjellige typar vêr. Gjengedal vedgår at det har vore vanskeleg å velje seg ut vêrtypar å sjå nærare på.

– Vi har til dømes ikkje med lyn og torevêr. Det er kanskje litt med å underbyggje dette med at vi er ute etter det vanlege kvardagslege vêret, seier ho og legg til:

– Den grunnleggjande tanken vår har vore at dette skal vere ein hyllest til kontrastane i det norske vêret.

Programmet «Værbitt» er produsert av NRK Hordaland og har premiere på NRK1 søndag 2. mars klokka 20.15.