Hopp til innhold

No eig Sævik 67 prosent av Fjord1

I dag har Sogn og Fjordane fylkeskommune formelt overdrege 26 prosent av aksjane i Fjord1 til Havila-konsernet.

Per Sævik og Jenny Følling

AVTALEN SIGNERT: Fylkesordførar Jenny Følling og Havila-eigar Per Sævik.

Foto: Jan Øhlckers

Dermed eig Per Sævik og hans familie 67 prosent av Fjord1. Det er selskapet Havilafjord AS som formelt har fått overdrege aksjane. Dette selskapet er 100 prosent eigd av Sævik-familien.

– Ikkje store endringar

Per Sævik sa ved overdraginga at det ikkje er snakk om å gjere store endringar i Fjord1.

– Fjord1 er eit veldrive selskap der Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore majoritetseigar heilt fram til no. Havila kjenner selskapet veldig godt etter å ha eigd 41 prosent sidan 2011.

– Leiinga og dei tilsette har dei siste åra gjort ein flott jobb med å snu ei negativ utvikling. Eg ser ingen grunn til at vi skal gjere store endringar i eit selskap som er så veldrive.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) seier ho er glad for at saka no er løyst.

– Vi skal vere med som medeigar i selskapet framover i nokre år og ser fram til eit godt samarbeid med Per Sævik og Havila-konsernet.

Styreleiaren held fram

Pål W. Lorentzen held fram som styreleiar i Fjord1. Fylkeskommunen har valt Vidar Grønnevik frå Florø som ny nestleiar. Janicke Drivklepp er nytt styremedlem frå Havika-konsernet, medan Bente Nesse held fram som styremedlem for fylkeskommunen.