Hopp til innhold

No bøttar det ned - og dét får NVE til å følgje ekstra nøye med

Det er venta opp mot 80 millimeter nedbør på Vestlandet det neste døgnet. NVE følgjer situasjonen med argusauge.

Styrtregn

GRÅTT OG VÅTT: Mykje nedbør skal ned over Vestlandet det neste døgnet.

Foto: Lisa Åserund / Scanpix

– Vi følgjer situasjonen time for time. Det er store nedbørsmengder, og alt etter korleis dei treffer, så kan det bli store vassmengder, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Telemark, Agder-fylka og heile Vestlandet. I tillegg til dei store nedbørsmengdene er det venta liten til full storm i fjellet og langs kysten.

  • Her kan du sjå kor det regnar mest akkurat no

Vatnet trekkjer ikkje ned i jorda

At det har vore ein turr og fin haust, har mange nytt godt av. Men når det brått pøsar ned store mengder nedbør, er ikkje knusktørr grunn berre positivt.

– Når no den første regnskuren kjem, ventar vi at det kan føre til utfordringar i fleire kommunar, seier Samdal.

Brigt Samdal, regionsjef NVE

FORHOLDSREGLAR: - Folk bør passe på at vatnet får renne fritt, og at det ikkje er tett i rister og renner, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Han peikar på at det i einskilde område kan bli svært krevjande.

– Nokre stadar kan bakken ta opp i seg ein del av nedbøren, men vert det veldig intenst, så kan nedbøren berre renne vidare på toppen av overflata og ned i elvane. Det kan gje utfordringar, seier Samdal.

  • Her kan du sjå vinden akkurat no (kartet er henta frå earth):

Ver litt på alerten

Det kan til dømes bli vaska ut steinar i bratte område, og faren for steinsprang aukar.

– Det er viktig å følgje med på terrenget rundt seg. Rett og slett vere litt på alerten, seier Samdal.

Samdal oppmodar folk om å sjå til at alle rister og kulvertar er reinska, slik at vatnet får renne fritt.

– Hald eit auge med at elvane ikkje får ta nye far, seier Samdal.