Hopp til innhold

No blir vêret kaldt og klårt igjen

No blir det klåre dagar og nattefrost ei stund framover. Og regnet skal halde seg unna.

Refvikvatnet med bygda Refvik i bakgrunnen.

TID FOR SOLNEDGANGAR: I haust har vi blitt godt vande med klåre dagar, avslutta med vakre solnedgangar. No seier meteorologen at det klåre vêret er på veg tilbake, for ei stund.

Foto: John Inge Refvik

Dei våte byene som har truga store delar av Vestlandet dei siste dagane, vil byrje å gi seg i kveld, og då er det tid for nokre dagar med klårt og kaldt vêr igjen.

Meteorolog Steinar Skare seier at det frå onsdag skal bli fint vêr.

– I natt kan det bli nattefrost mange stader, og det kjem til å halde seg kjølig resten av veka, seier han.

På torsdag kan det komme enkelte byer i dei ytre stroka, men meteorologen seier at dette skal lette igjen før fredag.

Helgevêret kjem òg til å bli bra.

– I helga blir det opphaldsvêr og ein del sol på dagtid. Om natta blir det kaldt og ein del minusgrader, seier Skare.

I haust har våre lesarar sendt inn hundrevis av haustbilete til haustfoto-konkurransen, som blir avslutta i dag. Så den spesielle hausten i år er godt dokumentert.

Rottweiler i solnedgang
Foto: Rita Steig
Solnedgang i Sogn og Fjordane
Foto: Atle Inderoy
Frå Nordsida mot Loen
Foto: Olaug Samuelsen Mork
Refvikvatnet med bygda Refvik i bakgrunnen.
Foto: John Inge Refvik