Hopp til innhold

Ber Vegdirektoratet skjerpe kontrollane av utanlandsk transport

Norges Lastebileigarforbund fortviler og meiner Statens vegvesen ikkje gjer nok for å kontrollere at utanlandske transportørar køyrer lovleg i Norge.

Utanlandsk vogntog passerer på riksveg 3 over Kvikne.

STRENGARE: Det er strenge reglar for korleis utanlandske firma kan drive transportverksemd innanlands i Norge. NLF meiner derimot at Vegvesenet er for slappe i sine kontrollar av desse reglane.

Foto: Øyvind André Haram / NRK

Det er strenge reglar for korleis utanlandske transportørar kan drive transport innanlands i Norge. Men Norges Lastebileigarforbund (NLF) meiner Vegvesenet i for liten grad prioriterer slike kontrollar og at mange dermed kan køyre ulovleg.

NLF ber Vegvesenet skjerpe innsatsen og ber no også om at dei som kjøper og tilrettelegg transporten for dei utanlandske selskapa vert straffa når ein oppdagar ulovleg transport.

– Vi meiner det er nok av heimlar i lovene for å straffe også «bakmennene» for den ulovlege transporten. Dette må også bli gjort i praksis, seier NLF-advokat Robert Aksnes til NRK.no.

Kompliserte og strenge reglar

Robert Aksnes

KREV HANDLING: Robert Aksnes som er advokat i NLF har bede om eit møte med Vegdirektoratet for å diskutere problemstillingane knytt til ulovleg kabotasjekøyring.

Foto: Norges Lastebileigarforbund

Gjennom EØS har det blitt opna for at transportørar frå slike land kan drive transport også innanlands i Norge. Men slik såkalla kabotasjekøyring må følgje strenge reglar.

Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet.

Både Vegvesenet og Vegdirektoratet har tidlegare vedgått at desse reglane er kompliserte og vanskelege å kontrollere i praksis.

– Dette vert ikkje prioritert

Sjølv om Samferdsledepartementet har oppmoda Vegvesenet om å drive grundig kontroll av desse reglane meiner NLF at dette ikkje skjer. No har NLF sin advokat skrive brev til Vegdirektoratet for å be dei rydde opp.

Mellom anna skriv Aksnes at fleire representantar frå Statens vegvesen har sagt at dei ikkje har ressursar til å prioritere denne typen kriminalitet.

– Vi ber Vegdirektoratet om å syte for at denne typen kontrollar blir prioritert, seier Aksnes.

Han får støtte frå fylkesleiaren i NLF i Sogn og Fjordane, Per Andreas Øren. Også han er misnøgd med talet kontrollar.

– Det er ikkje godt nok, seier Øren til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

FERSKA: Her på Statens vegvesen sin kontrollstasjon ved Håbakken i Lærdal har kontrollørar fleire gonger oppdaga det dei meiner er ulovleg transport utført av utanlandske transportørar.

Foto: May Lene Steinheim Lunden

Fryktar for norske arbeidsplassar

Dei seinare åra har det etter kvart blitt opna for at transportørar frå fleire og fleire EØS-land kan drive transport i Norge. Norske transportfirma har frykta at dette på sikt kan føre til kroken på døra for norske selskap, fordi dei rett og slett ikkje kan konkurrere på same vilkår.

Per Andreas Øren

VIL HA FLEIRE: Per Andreas Øren i NLF Sogn og Fjordane vil ha fleire kontrollar av dei såkalla kabotasjereglane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Slik det er i dag slepp dei utanlandske transportørane unna bompengar. Dette utgjer store summar skal ein til dømes køyre ein tur mellom Oslo og Bergen, seier Øren.

Utanlandske transportørar er ofte eit billeg alternativ i forhold til sine norske konkurrentar. Når dei tek på seg fleire og fleire oppdrag fryktar den norske næringa for sine arbeidsplassar. Nettopp difor er det viktig for dei at dei såkalla kabotasjereglane vert følgde.

– Eit viktig formål med desse reglane er nettopp å verne det enkelte land sine nasjonale transportverksemder, seier Aksnes.

– Utanlandske transportørar på norske vegar er komne for å bli. Mange har godt materiell og gode sjåførar, men dei må følgje reglane, seier Øren.

Ber fleire gjere som region Vest

Aksnes seier dei er godt nøgde med jobben som vert gjort av Vegvesenet i region Vest, men meiner dei er i ei særstilling.

– Denne regionen utmerkjer seg positivt samanlikna med andre delar av landet, så vi håpar at andre regionar kan ta etter dei, seier Aksnes.

Ifølgje avdelingsingeniør Dag Rykkje i Statens vegvesen region Vest, har dei politimeld sju tilfelle av det dei meiner er ulovleg kabotasjekøyring siste året.

– Må ta «bakmennene»

NLF meiner det ikkje er nok å straffe sjåførar og bileigarar som blir tekne for ulovleg transport i Norge. Skal ein få bukt med problema må også oppdragsgivarane ta ansvar.

– Ein kan ikkje berre straffe sjåførar og bileigar, det blir det same som å berre straffe narkotikamisbrukarar og smålangarane. Vi må ta bakmennene, dei som set dette i system, seier Aksnes.

NLF har no sendt brev til Vegdirektoratet der dei ber dei om å prioritere kontroll av utanlandske transportørar i Norge. Samtidig vil dei setje fokus på og diskutere kva ansvar dei som bestiller og tilrettelegg transporten skal ha.

Vil møte NLF

I Vegdirektoratet stadfestar dei at dei har fått brevet frå NLF. Rådgjevar i seksjon for tilsyn og kontroll, Ellen Sirevåg, stadfestar at det finst heimlar som seier noko om det såkalla ”bestilleransvaret”.

– Vi er merksame på at dei som står som kjøparar og tilretteleggjarar av denne typen transport har eit ansvar. Men det er utfordrande å utarbeide retningslinjer for korleis ein skal kontrollere dette, seier Sirevåg.

Ho legg til at slike kontrollar må skje ut frå konkrete vurderingar og bevissituasjon og at det er fleire element som gjer ein slik kontroll komplisert.

Sirevåg seier Vegdirektoratet har bede kontrollørane i Vegvesenet om å prioritere kontroll av kabotasjekøyring. Vegdirektoratet vil no invitere NLF til eit møte for å diskutere dei aktuelle problemstillingane.