Hopp til innhold

Nina (17) fekk sportssjefen til å ta til tårene

– Eg trur ikkje at det heilt har gått opp for meg endå. Dette er meir enn eg hadde venta, seier Nina Torvund.

Nina Torvund og mentor Line Kjørsvik

DOBBELT: Nina Torvund vann juniorklassa, medan mentor og inspirator Ine Helvik vann veteranklassa. Legg ein til bronse til Line Kjørsvikk og Emil André Gangfløt (junior), vart måndag ein god norsk dag i biljard-EM.

Foto: Privat

I 10-ballfinalen mot kviterussiske Daria Cheprasova heldt 17-åringen frå Hyllestad nervane i sjakk, og vart som første norske jente Europameister som junior.

I tillegg vart det bronse til junioren Emil André Gangfløt (Fredrikstad).

– Eg hadde kanskje eit lite håp inst inne, men det er utruleg kjekt å kunne kalle seg europameister, seier Nina Torvund.

Sjefen tok til tårene

Nina Torvund

EM-GULL: Nina Torvund er den første frå Sogn og Fjordane med eit EM-gull i biljard. Frå før har Hyllestad Biljardklubb 11 sølv- og bronsemedaljar.

Foto: Privat

Det vart ein nervepirrande finale i nederlandske Veldhoven. Torvund kom under både 0–2 og 1-3, men vann til slutt 5–4.

– Kampen kunne gått begge vegar. Eg spelte ikkje på mitt beste, men eg trur ho vart litt nervøs då eg byrja å ta ho att, seier 17-åringen.

Sigeren utløyste tårer hos sportssjef Jostein Jullum, som følgde oppgjeret på Internett. Sist Noreg tok medalje på juniorsida for jenter var i 2001.

– Det vart jubel og tårer. Eg vart rørt. Spesielt på vegner av den fantastiske jenta, strålar han og held fram:

– Det kan komme meir

– Nina er så dedikert. Ho vil noko. Då ho gjekk ut med knappast mogleg margin i fjor var eg sikker på at det ville bli medalje i år. At det skulle bli gull er utruleg sterkt.

– Og det er to disiplinar att. Det kan komme meir frå den jenta der, legg han til.

Med to individuelle disiplinar og lagkonkurransen att, har 17-åringen frå Hyllestad ambisjonar om det. Tysdag føremiddag starta ho 8-balldisiplinen med 5–4 siger over nederlandske Lynn Pijpers.

– Målet er fleire medaljar. Det er berre å spele mitt beste og sjå kor langt det held, seier Torvund.

Satsingsprosjekt

Torvund er del av ei juniorsatsing biljardforbundet starta for tre år sidan for å få fram fleire gode biljardspelarar. Spesielt på jentesida.

Gjennom Team Norway får dei beste U17- og U19-spelarane tett oppfølging frå Vegar Kristiansen, Norges desidert beste biljardspelar gjennom tidene.

– Prosjektet skal evaluerast, men eg ser ingen grunn til å avslutte det no, seier han og rosar biljardmiljøet i Hyllestad, som i ei årrekkje har markert seg i landstoppen.

I EM er seks av 14 norske utøvarar frå den vesle biljardklubben.

– Eg har ikkje tal på kor mange landslagsspelarar og medaljar dei har. Eg vil tru dei snart ikkje har plass til meir på den vesle plassen, seier Jullum.

Når EM er over om ei veke får vi vite om biljardklubben må rydde plass til fleire EM-trofé.