NRK Meny
Normal

Nettbankar over heile landet hadde problem

Bankkundar i fleire bankar hadde i dag problem med å logge seg inn på nett- og mobilbank. No er systema fiksa.

Sparebanken Sfj

BANK-TRØBBEL: Slik såg påloggingssida til Sparebanken Sogn og Fjordane ut no.

Blant anna var Sparebanken Møre, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Sør og fleire andre bankar råka av påloggingsproblema. Ustabilitet i systema til dataleverandøren Evry var årsaka.

– No har vi løyst problema, opplyser kommunikasjonsdirektør Unni Strømstad i Evry til NRK.

Digitaldirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Reiel Haugland, seier at dei fekk melding kvart på elleve i føremiddag om at det var problem.

– Så langt vi veit er det fleire av bankane som har Evry som leverandør som har problem. Kort fungerer slik det skal. Det vi opplever her er at nettbank og mobilbank kjem og går. Vi forventar at dette blir løyst innan kort tid, saHaugland.

Vegopning på Bergum i Førde kommune