Hopp til innhold

Nettavis hevdar Premier League-klubb er på jakt etter Otoo

Sportskanal hevdar Premier League-klubb jaktar Sogndal-spiss Mahatma Otoo.

Mahatma Otoo

KJEKT: Mahatma Otoo har ikkje fått noko beskjed frå agenten sin, men tykkjer det er kjekt at storklubbar held eit auga med jobben han gjer i Sogndal.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Nettsida HITC Sport hevdar Premier League-klubben Watford er på jakt etter Sogndal-spiss Mahatma Otoo.

Ifølgje nettsida vert 23-åringen også følgt med argusauge frå både Bundesliga og Serie A i Italia.

Otoo sjølv har ikkje hatt noko kontakt med klubben.

– Men eg har registrert det som er skrive på nettsida og på Instagram. Meir veit eg ikkje, seier Otoo.

Kjekt å bli sett

Han legg til at han tykkjer det er gjævt at klubbar i utlandet følgjer med på det han gjer i Sogndal. Då han signerte for Sogndal i 2013 var han klar på at han ville bruke Sogndal som utviklingsarena.

– Eg har det godt i Sogndal, og dei har gitt meg ei god plattform. Men det er klart det er kjekt å vite at større klubbar følgjer med på det eg gjer, seier Otoo.

Han har ikkje vore i kontakt med agenten sin om saka.

– Nei, eg reknar meg han tek kontakt med meg dersom det er noko i det. Enn så lenge er dette berre rykte, seier Otoo.

Skjermdump frå HITC Sport

SKJERMDUMP: Nettsida HITC Sport meiner å vite at mellom anna Watford har kasta auga sine på Sogndals Mahatma Otoo.

Foto: HITC Sport / Skjermdump

Lause rykte

– Her har ikkje vore noko kontakt, og eg forheld meg ikkje til lause rykte og spekulasjonar på nettet, seier Sogndal-trenar Eirk Bakke.

Eirik Bakke

UNNER HAN SJANSEN: – Ingen ting ville glede meg meir enn om Mahatma Otoo fekk ein slik sjanse, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Foto: Steinar Lote / NRK

Han seier at det er mange tippeligaklubbar i Norge som er interessert i Songdalspissen.

– Han må nok prestere på eit høgare nivå enn han gjer i dag, dersom han skal vere interessant for ein klubb som Watford. Ingenting vil gle meg meir enn om han fekk ein slik sjanse, men per i dag er han Sogndal-spelar.

Tek sjansen dersom han får den

– Er Watford ei klubb du kunne tenkje deg å gå til?

– Som spelar er det naturleg å ønskje seg til større klubbar på sikt. Skulle eg få sjansen, kjem eg til å ta den, viss det passar slik, seier Otoo.