Hopp til innhold

Otoo tåler eitt år i 1. divisjon

Mahatma Otoo kom tilbake frå landslagsoppdrag i Afrikameisterskapen akkurat tidsnok til å sjå lagkameratane i Sogndal slå Åsane 4–2.

Rune Bolseth og Mahatma Otoo
Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg har snakka med folk på telefonen medan eg var i Afrika, og eg ser det på måten laget spelar på i kveld. Det er positiv energi her no, seier Otoo.

Han kom inn dørene i Sognahallen etter at kampen mot Åsane var i gang, og fekk sjå den nye rekkekameraten i angrepet, Robin Schroot skåra to pene mål, Petter Strand skru eit hjørnespark inn via stolpen og Åsane skåra eit sjølvmål.

Meir fotball

Han også sjå eit Sogndal-lag som tek små steg i retning av å meistre ein spelestil der dei har ballen vesentleg meir enn før, og der dødballar og innkast ikkje lenger er dei dominerande måtane å skape målsjansar på.

– Vi er meir spelande. Energien er positiv. Spelarane likar seg.
– Likte dei seg ikkje då dei var her sist?
– Det går opp og ned i ein fotballkarriere.

Robin Schroot skåra to mot Åsane

SKÅRA TO: Robin Schroot skåra to mot Åsane fredag kveld.

Foto: Arve Uglum / NRK

Tungt fjorår i Sogndal

Mahatma Otoo svarar kort og unnvikande når han blir spurt om korleis han opplevde fjoråret i Sogndal. Han kom frå heimlandet Ghana med landslagsplass, toppskårartittel i den heimlege ligaen og stjernestatus i Ghana.

I Sogndal var han lenge reserve, og det var ikkje vanskeleg å sjå at den lettbeinte målsniken sleit med å finna seg til rette i Jonas Olsson sit hardtarbeidande og defensivt rigga Sogndal. Rolla som oppspelspunkt for langballar frå forsvaret passa han dårleg, og som regel vart han bytt ut halvveg ut i andreomgang, men han greidde likevel å skåre 10 mål på sin første heile sesong i Sogndal.

Overraskande uttak

Difor var det overraskande at han vart teken ut til Ghana-troppen som tok seg heilt til finalen i African Cup of Nations – rett nok utan at Otoo hadde den store påverkinga på det.

– Eg veit ikkje kor heit han er no. Han fekk vel 20 minuttar speletid der ned og sat mykje på benken, så me må få han i trening att, gliser Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Han sa seg greitt nøgd med innsatsen mot Åsane, men ikkje noko meir. Sjølv om Sogndal for første gong i 2015 greidde å vinne mot ein divisjonskollega i 1. divisjon.

– Me viser litt av det me kan, men dette er og blir ein treningskamp og resultat i treningskampar har eg aldri brydd meg om, seier Bakke.

Til La Manga

På måndag tek han med seg spelarane sine til treningsleiren på La Manga i Spania, der tøffare eliteseriemotstand ventar. Til det blir laget styrka betrakteleg med spelarar som Hannu Patronen, Babacar Sarr og nemnde Mahatma Otoo. I praksis heile ryggrada i laget.

– Det merkar me nok godt, men det er ikkje slik at alt må vera på plass til La Manga heller. Det blir ikkje delt ut poeng der nede, seier Bakke.

Det var Bakke, i rolla som klubbspeidar, som ivra for å hente Otoo til Sogndal sommaren 2013. Og at det nettopp er Bakke som har styringa i klubben gjer at Otoo har lettare for å forsone seg med nedrykket som så visst ikkje var med i planane for fotballkarrieren hans i Europa.

– Det er opp til meg sjølv og ta ansvar ved å skåre måla som trengst for at vi rykker opp att, og det ansvaret skal eg ta.
– Er det slik at du toler eitt år i 1. divisjon, men ikkje to?
– Det kjennast slik no, men slikt veit ein aldri, seier Otoo.