Hopp til innhold

Nesten lik avstand – mykje dyrare til Selje

Reisa med snøggbåt Bergen-Selje er berre nokre minutt lengre enn Bergen-Sogndal. Men billetten er mykje dyrare. Urimeleg, meiner fylkespolitikar Sigurd Reksnes (Sp).

Montasje snøggbåtpris

LIK AVSTAND, ULIK PRIS: Reiselengda frå Bergen til Selje er berre litt lengre enn til Sogndal. Likevel er prisen 235 kroner høgare.

Foto: Norled/kart

Reiser du med full pris med snøggbåten frå Selje til Bergen må du ut med 940 kroner. Reisa tek fem timar og fem minutt. Reiser du frå Sogndal til Bergen er reisetida fire timar og femti minutt, billettprisen er 705 kroner.

Med andre ord slepp sogningane unna med 235 kroner mindre for ein tur som er nesten like lang. Og slik har det vore lenge. Men no vil fylkespolitikar Sigurd Reksnes gjere noko med skilnaden.

Sigurd Reksnes

VIL ENDRE: Fylkespolitikar Sigurd Reksnes (Sp).

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Oppsiktsvekkande

– Eg synest det er oppsiktsvekkande stor skilnad. I Hovudutval for samferdsel har vi no bede om å få ei sak frå administrasjonen, der ein legg til rette for å harmonisere billettprisane på desse to sambanda.

Ørnulf Lillestøl arbeider i Selje, men har sambuar i Bergen. Dei helgene han ikkje tek båten til Bergen, reiser ho motsett veg til Selje. Dermed blir det ein tur/retur-billett så godt som kvar helg.

For tur/retur-billett er skilnaden 352 kroner. Det betyr at i løpet av eitt år betalar paret over 17.000 kroner meir for reisa enn om dei hadde reist til Sogndal. Lillestøl var ikkje klar over den store skilnaden.

– Eg har nok tenkt at prisen til Selje var dryg, men har ikkje samanlikna med andre strekningar. Eg ser ikkje grunnlag for at det er så stor differanse.

Ørnulf Lillestøl

REISER OFTE: Ørnulf Lillestøl var ikkje klar over kor stor skilnad det er i billettprisane.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Norled: Fylkeskommunen sitt bord

I reiarlaget Norled, som sidan 2012 har drive rutene, seier regionsjef Bjørn Egil Søndenaa at dei må halde seg til takstregimet som oppdragsgjevaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune, har pålagt dei.

– Prisane er rekna ut frå takstsoner som fylkeskommunen har bestemt, og dei må vi halde oss til. Det einaste vi kan gjere er å regulere prisane årleg i takt med konsumprisindeksen.

Ekspressbåtane Vingtor og Njord

NESTEN LIK DISTANSE: Snøggbåtane Njord og Vingtor på veg nordover frå Bergen. Passasjerane i sognebåten betalar mindre pr. kilometer enn dei som skal til Nordfjord.

Foto: Norled

Rekna ut frå avstand i luftlinje

Frå administrasjonen i fylkeskommunen har Sigurd Reksnes fått vite at prisen er rekna ut frå avstanden i luftlinje. Då er avstanden Bergen-Sogndal 134 kilometer, medan Bergen-Selje er 184 kilometer.

Men han meiner dette er heilt urimeleg.

– Det er klart at det er den reelle reiseavstanden som bør vere grunnlag for det ein faktisk må betale.

For Reksnes og dei andre i samferdselsutvalet var det overraskande at det er ein slik prisskilnad. Men det var forgjengarane deira i utvalet som for 20 år sidan avgjorde at det skulle vere slik

– Er det ikkje ein risiko at det no berre blir dyrare for dei som reiser med sognebåten, slik at ingen tener på det?

– Vi har bede om å få ei sak på dette, og då må dei sjå på alle sider ved den, seier Reksnes.