Det gjeld for dei som forkynne, spesielt formidling og forkynning til barn, og leiarar på leirar og andre arrangement.
Godt kjent regelverk
- Dette regelverket er godt kjent for dei som jobbar for Normisjon, og det har vore praktisert i mange år, seier regionleiar i Sogn og Fjordane, Arne Bøe.
Det var den tidlegare indremisjonen og Norsk santalmisjon som for nokre år sidan vart samanslegne til det som no heiter Normisjon. Her i fylket eig og driv dei leirstaden og forkynnarsenteret Fjordly på Bryggja i Vågsøy.
Regionleiaren i fylket, Arne Bøe, seier til Fjordenes Tidende at dei ikkje vil ha ugifte sambuande til å forkynne Guds ord eller til leiarar for til dømes leirar.
Forkynne reint og klårt
Det gir ei mykje større frimodighet for dei som skal stå i teneste å ha desse reglane, seier Bøe. Han meiner at ein kan kvile i desse reglane og lettare forkynne klårt og reint ut frå Guds ord.
Bøe kan forstå at reglane skapar reaksjonar, men meiner at Normisjon på lik linje med andre organisasjonar må ha eit verdidokument. I dette tilfellet meiner han at verdidokumentet er bibelen og Guds ord.
Støtte frå sokneprest
Rolf Schanke Eikum er sokneprest i Nordfjord. Han støttar Normisjon sine standpunkt. Eit slik regelverk gjeld til ei viss grad i Den norske Kyrkja. -Dei som søkjer på stillingar i Normisjon og Den norske Kyrkja er klar over kva verdiar me har. Eikum meiner det at frivillige som er føredømer for barn og unge ikkje kan vere sambuarar av di dei då har verdiar som peikar i motsatt retning av verdiane til kyrkja og Normisjon.