Fekk kontaktforbod etter trugsmål mot Clara Øberg

Ein person frå Nordfjord er ilagt kontaktforbod mot styreleiar Clara Øberg i Helse Førde. Personen skal ha kome med gjentekne trugslar og sjikane mot styreleiaren.

Clara Øberg

Clara Øberg opplever situasjonen svært belastande.

Foto: Bård Siem / NRK

Øberg har motteke utallige sjikanerande meldingar dei siste dagane , og fleire lokalpolitikarar i Nordfjord meiner Øberg får som fortent når ho vert sjikanert.

- Eg har vore utsett for til dels sterke angrep som har gjort at eg har meldt ein person til politiet. Han har no forbod mot å ta kontakt med meg.

- Hadde vore ille lenge

Etter utallige telefonoppringingar, tekstmeldingar og epostar med trugande og sjikanerande innhald, tok Clara Øberg kontakt med politiet like før helga. Det viste seg at det var ein nordfjordring som stod bak trugslane, og at det var motivert ut frå at Helse Førde vil omgjere Nordfjord Sjukehus til lokalmedisinsk senter. Nordfjordingen er no ilagt kontaktforbod mot styreleiaren i Helse Førde.

- Då hadde det vore ille over tid, og eg hadde skriftleg gjeve beskjed om at vedkommande ikkje skulle ta kontakt. Men det heldt fram likevel.

- «Eg ønskjer inderleg at du skal døy».

Øberg føler situasjonen svært belastande. Ho fortel at ei av meldingane hadde følgjande innhald: «Eg ønskjer inderleg at du skal døy».

Men det ho opplever som aller tøffast, er at fleire lokalpolitikarar frå Nordfjord har gjeve beskjed at ho får som fortjent.

- Det er veldig trist at nokon meiner at det er tilpass at ein skal bli utsett for slikt.

Rysta ordførar

Ordførar i i Vågsøy, Roger B. Silden (Ap), er rysta over opplysningane Øberg kjem med.

- Dette tek eg fullstendig avstand frå. Det må gå an å ha ein fornuftig dialog utan å drive på denne måten. Det er synd og skam at det skal vere slikt.

- Tener ikkje saka

Han tek også sterk avstand frå at lokalpolitikarar meiner det er tilpass for ho.

- Vi må kunne diskutere og vere ueinige utan å halde på slikt. Dette høyrer ikkje heime nokon stad.

Silden håpar Øberg har folk rundt seg som gir henne hjelp og støtte.

- Vi ønskjer å diskutere problemstillingar og ikkje personar. Det tener ikkje saka å drive på med slike usaklege personangrep.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.