Området i Kråkenesmarka vart i 1998 regulert til motorsportsføremål, trass i at det var hytter like ved. To av hytteeigarane klaga på vedtaket, men fekk ikkje medhald av kommunen. I fjor avgjorde kommunen at NMK Sunnfjord kunne avvikle tre til fem billløp i året.
Glad hytteeigar
Den eine av hytteeigarane, Roald Kvammen, klaga dette inn for fylkesmannen, og har fått medhald. Han bygde hytta si for 30 år sidan for å ha ein roleg stad å kople av. Og avkoplinga blir så som så når det er fullt turtal på mange bilar mindre enn 100 meter unna. Kvammen vil ikkje la seg intervjua om saka, han viser til advokaten sin, som ikkje var tilgjengeleg for kommentar, men Kvammen seier at han er glad for vedtaket til Fylkesmannen.
Trur på løp
Men bilsportsentusiastane i NMK Sunnfjord er ikkje glade for vedtaket. Slik dei tolkar det, har dei lov til å trene på bana, men ikkje køyre løp.
Det er Førde kommune som har regulert området til motorsport, og difor reknar NMK Sunnfjord med at kommunen gjer noko for at dei kan arrangere billøp. Enno trur dei på at dei blir løp i sommar.