Hopp til innhold

Nei til Astrup-senter

Bortimot 1000 personar har skrive under opprop om å få Astrup-senter til Ålhus.

Astruptunet
Foto: NRK

Dragkampen om kvar det det planlagde besøkssenteret etter Nikolai Astrup skal ligge, hardnar til. Torsdag kveld offentleggjorde arbeidsgruppa "Astruptunet til Ålhus" at dei har samla inn nærmare 1000 underskrifter til støtte for saka.

Sterk motstand

- Ut i frå den erfaring eg har gjort har vi ein oppslutnad på 80-90 prosent, seier Ålhus.

Underskriftslister har lege ute på butikkar på Skei og Vassenden. I tillegg har fem personar gått til husstandar i kommunen. Dette betyr at det ikkje berre er innbyggjarar i Jølster som har skrive under oppropet.

Eit stort fleirtal i kommunestyret vil leggje besøkssenteret til 67 millionar kroner like ved dagens Astruptun på sørsida av Jøstravatnet, men motstanden i folket har vore stor.

Dei fleste meiner det vil vere langt billegare, og ein vil få mykje meir besøk, ved å leggje senteret til Ålhus.

Ny diskusjon i kommunestyret

Jøran Ålhus har kjøpt nærbutikken på Ålhus. Han krev no at politikarane tar opp på saka på nytt

- Eg meiner følgjene må vere at ein stoppar planlegginga ved Astruptunet og planlegg utbygging på Ålhus, seier han.

Atle Reidar Sandnes, formannskapsmedlem for Arbeidarpartiet, er klar på at saka må opp til ny handsaming i kommunestyret.

- Vi er pliktige til ny diskusjon om plassering, seier han.

Ordførar Gerd Dvergsdal opnar for ny debatt om kvar senteret skal plasserast, i sambamd med at reguleringsplanen for senteret skal opp i kommunestyret.