Rein Husebø. Arkivfoto: Småkraft
- Dette vil føre til store inntektstap for dei som allereie har bygd slike kraftverk, seier administrerande direktør i selskapet Småkraft AS, Rein Husebø. Han er lite nøgd med kraftpolitikken til regjeringa.
Tilskot for fornybar energi
Den nye ordninga med grønt kort skulle eigentleg innførast i 2007. Forklart enkelt er dei ei tilskotsordning for kraftverk som produserar fornybar energi. Men i erklæringa frå dei nye regjeringskameratane heiter det at ordninga berre skal gjelde for mikro- og minikraftverk. Dermed må dei som satsar litt større klare seg utan desse inntektene, seier Rein Husebø
- Det kan vere snakk om halvparten av straumprisen, så det er høge beløp det er snakk om.
- Færre utbygginar
Sjølv om det er god økonomi i mange av dei planlagde småkraftverka i landet, trur Rein Husebø at det på sikt vil bli færre utbyggingar som følgje av at grøn kort-ordninga ikkje blir innført.
- Det som er viktig er dei kraftverka som vil falle vekk på grunn av ei slik endring, og dei er det mange av, seier han.
Rein seier at dei ilag med bondelaget og skogeigarforbundet vil gjere ein felles framstøyt for å få gjort endringar slik at småkraftverka kjem med på ordninga.