Hopp til innhold

Nedslåande tilsynsaksjon på avfall

Alle dei 26 anlegga som tek i mot farleg avfall og som vart kontrollerte av Fylkesmannen i fjor, hadde for dårleg kontroll på mottaket. – Vi hadde venta at resultatet var betre enn dette, seier Anne Sigrid Loftesnes Harjo ved fylkesmiljøvernavdelinga.

Pall med diverse avfall

FARLEG AVFALL: Fylkesmannen har ført tilsyn med avfallsanlegga i fylket. Konklusjonen vart nedslåande.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Konklusjonen etter tilsyna er nedslåande og klar. Farleg avfall blir ikkje motteke og handtert slik det skal ved avfallsanlegga i Sogn og Fjordane.

Ikkje eitt slapp unna peikefingeren til fylkesmannen.

Ureina tønne

AVFALL: Tønne ureina av olje.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

– Det var oppfølging frå tilsvarande aksjon i 2010. Den viste mykje av det same, og då såg verksemdene at dei trengde meir rutinar. Vi hadde venta at dei var komne på plass, men desse var ikkje oppdaterte då vi kom no, seier Anne Sigrid Loftesnes Harjo ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Alvorleg

Også i 2010 avdekka tilsynsrunden fleire avvik. Mellom anna kom ein over fenghetter og cyanid på avfallsplassane. Tilsynsrunden i fjor var del av ein landsdekkjande kontrollaksjon retta mot anlegg som tek i mot og mellomlagrar farleg avfall.

Funna vart:

  • Alle hadde for dårleg kontroll på mottak av farleg avfall.
  • Ved 1 anlegg vart det avdekt alvorleg avvik.
  • Over halvparten av anlegga braut også krav til handtering av farleg avfall og til internkontroll.
Spann og kanner

BLANDA: Spann og kanner med farleg avfall.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Resultata for fylket samsvarar med resultata for resten av landet.

– Vi tykkjer det er alvorleg at vi har funne så mange avvik som dette, at det ikkje er heilt forsvarleg kontroll på avfallsfraksjonane og sjølve handteringa og lagringa av farleg avfall. Fleire hadde avvik på det med internkontroll, det å ha gode rutinar som er med på å sikre ei god drift av anlegget, seier Loftesnes Harjo.

Lagra olje for lenge

Det alvorlegaste avviket var ei mengde spillolje som var lagra utover dei seks månadane som krava tillèt.

– Her reagerte vi på same måte som ved dei andre anlegga. Dei får tidsfrist til å rette opp avvika sine, og vi følgjer opp med dialog og tilbakemelding og lukkar det ikkje før vi meiner det er tilstrekkeleg, seier Loftesnes Harjo.

Dunk og batteri

BLANDING: Dunk med farleg avfall, saman med batteri.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

– Det vart ikkje reagert med bøter eller dagmulkt i dette tilfellet, men det er eit middel ein kan nytte, legg ho til.

Hyppigare kontrollar

Mottaksanlegg handterer store mengder avfall med farlege stoff, frå private hushaldningar og verksemder.

Uforsvarleg handtering av avfall og dårlege driftsrutinar kan føre til ureining av grunn, luft og vatn. Målet med aksjonen var å mellom anna kontrollere at alt innsamla farleg avfall vert forsvarleg handtert.

– Det er viktig for å sjekke at miljøstasjonane som tek imot farleg avfall, tek det imot og behandlar det på forsvarleg måte med tanke på at miljøgifter ikkje skal komme på avvegar, seier Harjo som no lovar hyppigare kontrollar av anlegga.

– Vi ser at vi må hyppigare ut og føre oftare kontrollar enn det som er blitt gjort.