Hopp til innhold

Fann fenghetter blant farleg avfall

Sunnfjord Miljøverk fann i førre veke 10 fenghetter i ein container for farleg søppel på avfallsplassen i Førde.

Håkon Grepstad, Sunnfjord Miljøverk

Håkon Grepstad i Sunnfjord Miljøverk er rysta over funnet i denne søppelkassen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Fenghetter er ein tennladning for dynamitt, og låg midt blant lakk, maling og anna eksplosivt avfall.

Dagleg leiar, Håkon Grepstad er rysta over kva folk kastar i søpla.

– Eg tykkjer det er merkeleg at folk kastar slikt der det er farleg avfall.

Kunne blitt ein kraftig eksplosjon

Fenghette

Det var slike fenghetter som var funne containeren(Arkivfoto)

Foto: Geir A. Carlsson / Scanpix

Til alt hell blei fenghettene oppdaga av dei tilsette på avfallsplassen. For i containeren der dei blei funne, stod det også restar av maling, lakk og andre brannfarlege stoff.

Sjølv om akkurat desse fenghettene er avhengige av straum for å gå av, så skulle det ikkje meir til enn at eit ni-volts batteri vart kasta feil i same containeren før katastrofen kunne vore eit faktum.

– Vi kunne fått ein kraftig eksplosjon her. Sprengstoff høyrer ikkje heime hos oss , det skal leverast til dei lovlege returordningane.

Ser alvorleg på saka

I Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap ser Anne-Wenche Eketuft Gilberg svært alvorleg på funnet på avfallsplassen i Førde.

– Det er ikkje den måten eksplosiv vare skal handterast på. Eksplosive varer krev eit løyve frå oss, og det er strenge krav til oppbevaring. At fenghettene var lagde i ein container, er ikkje i tråd med krava vi stiller.